Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 34 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Fekk informasjon om StimuLab-prosjekt og «Rett i jobb»

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland møtte i dag (fredag) den politiske leiinga i Fjell kommune og dei i administrasjonen som arbeider med StimulAB-prosjektet og «Rett i jobb» retta mot flyktningar.
Les meir.

Stor plan for Bildøyna er klar for behandling

Komité for plan og utvikling skal på møtet den 27. august ta stilling til om områderegulering for Bildetangen nord på Bildøyna skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Planframlegget legg til rette for etablering av tre - fire tusen bustadeiningar og næringsareal på 100 dekar. Planområdet er på vel 400 dekar og strekkjer seg frå riksveg 555 i sør til Apalneset i nord, og ligg om lag eín kilometer frå senterområdet på Straume.
Les meir.

Vurderer rusutfordringar blant ungdom

Komité for drift og forvaltning (KDF) skal på møtet den 28. august drøfta prosjektrapporten «Rusutfordringar blant ungdom i Fjell kommune». Komitéen skal også behandla økonomirapport for 2. tertial 2019. Bakgrunnen for saka om rusutfordringar er varsling frå politiet om aukande rusutfordringar blant ungdom i Fjell. Rådmannen tilrår at arbeidsgruppa som har utarbeidd rapporten, framleis møtest jamleg for å utveksla erfaring og kunnskap.
Les meir.

Framleis lågare folkevekst i Fjell enn dei siste åra

Andre kvartal 2019 auka folketalet i Fjell kommune med 34 personar. Dette viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Fjell har framleis høg vekst samanlikna med resten av landet, sjølv om vekstraten har gått ned dei siste fem åra. Det er ikkje uvanleg at folkeveksten svingar frå kvartal til kvartal. Dette er likevel første gong i løpet av dei siste 20 åra at folkeveksten har vore såpass låg to kvartal på rad.
Les meir.

Elevane skal læra å bruka og skapa teknologi

Fjell kommune har via Den teknologiske skulesekken fått økonomisk støtte frå Utdanningsdirektoratet til utstyr som elevane kan bruka til programmering. No skal lærarar på to av skulane i Fjell på programmeringskurs. Vilkåret for at kommunane får pengar frå Den teknologiske skulesekken er at kommunen legg til rette for at lærarane får vidareutdanning i programmering. Pengane skal brukast til utstyr slik at lærarane får brukt den nye kompetansen sin.
Les meir.

Behandlar økonomirapport

Kommunestyret skal på møtet den 29. august behandla økonomirapport pr. 31. august. Rapporten er sluttført pr. 20. august, og dermed er han delvis basert på estimat. Resultatet viser eit meirforbruk på om lag 18 millionar kroner. Dette er om lag det same som etter første tertial, og rådmannen skriv at kostnadsveksten no truleg har stoppa opp.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (34)

  • 20.08.: Valdebatt på Bjorøyøyna
  • 21.08.: TV-aksjonen Care, møte i kommunekomitéen
  • 22.08.: Valdebatt, Utdanningsforbundet
  • 23.08.: Møte med kommunalminister Monica Mæland

Ordføraren i neste veke (35)

  • 26.08.: NRK Valsending
  • 27.08.: Skulevalkamp, Sotra videregående
                 Komitemøte
  • 28.08.: Valgdebatt Sartor Storsenter
                Offisiell åpning av Bjorøy skole
  • 29.08.: «Ny næringsmodell», Nye Øygarden kommune
                 Kommunestyret
  • 30.08.: Opning av Lyngheia bufellesskap

Sist endret: 23.08.2019