Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 35 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Opningsfest i strålande sommarvér

Stemninga var på topp hjå liten og stor på Bjorøy skule på onsdag denne veka. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, som sjølv bur på Bjorøyna, kunne litt over klokka 12 i dag stolt saman med elev Leonora Olea Wilhelmsen ( 5. klasse) og leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen, klippa snora for å markera tilbygg og ombygging av Bjorøy skule.
- Eg likar best at vi har fått nye klasserom, seier Silje i sjette klasse.
Les meir. 

Folk om kommune- og fylkestingsvalet

Kommune- og fylkestingsvalet nærmar seg. Vi har utfordra nokre av dei som har tenkt å røysta ved valet til å seia litt om kva som er viktig for dei i tida som kjem. På Facebook-sidene til Nye Øygarden kommune og dei tre kommunane i regionen finn du videoklipp frå innbyggjarar vest om Sotrabrua.
Les meir.

Reduserer gebyret for vatn og avlaup

Kommunestyret vedtok på torsdag at abonnentane i Fjell får redusert gebyret for vatn og avlaup for tredje termin vert redusert. Kommunestyret vedtok å redusera sjølvkostfondet med 19 millionar kroner. Den praktiske konsekvensen av vedtaket vert at det ikkje vert kravd inn gebyr for fjerde termin i 2019. Andre saker: Økonomirapport og temaplan for kulturminne.
Les meir. 

Legg plan for Bildøyna ut på høyring

Komité for plan og utvikling vedtok tysdag kveld å leggja framlegg til områderegulering for Bildetangen nord på Bildøyna ut til offentleg ettersyn. Planframlegget legg til rette for etablering av tre - fire tusen bustadeiningar og næringsareal på 100 dekar. Komitéen tilråde også at detaljreguleringsplan for Ranen, Foldnes, for etablering av 17 bustadeiningar med vegar, gangareal, parkering, uteopphaldsareal og leikeareal vert lagt ut til offentleg ettersyn.
Les meir. 

Tilrår plan for kulturminne og kulturmiljø

Komité for drift og forvaltning tilrådde på tysdag at kommunestyret godkjenner temaplan for fysiske kulturminne og kulturmiljø 2019-2022. I planen er det lista opp 67 prioriterte kulturminne og kulturmiljø og ein tiltaksplan på 17 punkt. Elles følgde komitéen følgde innstillinga frå rådmannen og tok sak om ungdom og rus og til orientering. Komitéen vedtok også å be om at administrasjonen fremjar denne saka med høg prioritet inn i arbeidet med handlingsplanen 2020.
Les meir. 

31. august er Verdas overdosedag

Kvart år dør om lag 260 personar av overdose i Noreg. Laurdag 31. august er Verdas overdosedag. Hovudbodskapen denne dagen er å minnast dei døde og førebyggja nye dødsfall. Denne dagen vert markert 25 stader i Noreg. I fjor vart dagen markert på MO-senteret på Straume i Fjell. I 2017 var det registrert fire narkotikautløyste dødsfall i kommunen vår.
Les meir. 

Opning Lyngheia bufellesskap

Dei seks bebuarane på Lyngheia bufellesskap har allereie funne seg godt til rette i bufellesskapet som ligg solrikt til mellom Blombakkane busatder og Røde Kors-huset på Straume. Men i dag var det ekstra stas då ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen, klipte snora for å erklæra bufellesskapet for offisielt opna.
Les meir. 

Reisecafèen til 60-tallet!

Fredag denne veka har me reist tilbake til det gyldne 60-tal! Samtalane sat laust rundt borda, og me har tatt for oss hendingar for kvart år på sekstitalet! Med hjelp av bilete på borda, har me mimra godt.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (35)

  • 26.08.: NRK Valsending
  • 27.08.: Skulevalkamp, Sotra vidaregående skule
                 Komitemøte
  • 28.08.: Valdebatt Sartor Storsenter
                Offisiell opning av Bjorøy skole
  • 29.08.: «Ny næringsmodell», Nye Øygarden kommune
                 Kommunestyremøte
  • 30.08.: Opning av Lyngheia bufellesskap

 


Sist endret: 30.08.2019