Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 48 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Ordførarane fekk prisen Årets fyrtårn

Dei vart nok tekne litt på senga, dei tre ordførarane i vest, då dei fredag kveld på årsfesten til Vest Næringsråd fekk tildelt prisen Årets fyrtårn. Straume Mesterbygg vart Årets bedrift. Årsfesten var avslutning på ein lang dag på Øygardenkonferansen.
Les meir.

- Vi må våga å omstilla oss!

Statsminister Erna Solberg talte til 300 deltakarar på Øygardenkonferansen på fredag. Ho meinte det var fantastiske moglegheiter for den nye kommunen.
- Men vi må våga omstillinga, var bodskapen frå statsministeren. Det var rekordoppslutnad om Øygardenkonferansen dette året. Det handla om den nye kommunen, framtidsretta energiløysingar, berekraftig utvikling, fiskeri og havbruk, arbeidsplassar og kva «Noreg skal leva av framover» som var temaet til statsministeren.
Les meir.

Fjell-lærar kan verta «Årets kommuneprofil 2019»

Lærar og konstituert undervisningsinspektør på Knappskog skule, Ingvild Vikingsen Skogestad er ein av åtte kandidatar til utmerkinga «Årets kommuneprofil». No kan du vera med og «røysta henne fram til prisen». KS (fellesorganisasjon for kommunane) gjennomfører denne kåringa på slutten av kvart år. «Vår» kandidat Ingvild Vikingsen Skogestad er eldsjela som høyrte om koding i 2015 og som fekk gjennomslag for å starta eín time programmering.
Les meir.

Saksbehandling og kunderettleiing ved kommunesamanslåing

Kommunesamanslåinga får konsekvensar for eigedomsregisteret og saksbehandlartid.
I samanheng med kommunesamanslåing stengjer Kartverket matrikkelen (eigedomsregisteret) frå fredag 13. desember 2019, kl. 18.00. På grunn av rydding og avslutting av gamle system (kart og sakshandsaming), i tillegg til opplæring og etablering av nye, må ein rekna med at det tek lengre tid å få svar frå tilsette hos Plan- og utbyggingssjefen.
Les meir.

Formannskapet og utvala behandlar budsjettet for 2020

På møtet den 2. desember skal formannskapet for den nye kommunen behandla budsjettet for 2020 og økonomiplanen for 2020-2023. Det er forventa at formannskapet vil vedta å leggja budsjettet ut på høyring. Kommunestyret gjer endeleg vedtak den 19. desember. I mellomtida skal administrasjonsutvalet og dei tre utvala; tenester og levekår, samfunnsutvikling og plan behandla budsjettframlegget.
Les meir.

Vil forlengja vassleidningar på Turøyna og Ekrhovda

Formannskapet går inn for at ei kommunal vassleidning på Turøyna vert forlengja med 450 meter. Det er også innstilt på at eit prosjekt for vassleidning mellom Ekrhovda og Liaskjeret vert endra. Formelt må kommunestyret vedta å endra kommunedelplan for vassforsyning og avlaup 2011-2022. Innstillinga frå formannskapet på onsdag var samrøystes.
Les meir.

Tilrår to reguleringsplanar

Komité for plan og utvikling (KPU) gjekk på tysdag inn for å godkjenna to detaljreguleringsplanar. Det gjaldt plan for Søra Sundet, Knappskog, og plan for Ranen, Foldnes. KPU behandla ni klagesaker.
Les meir.

Søk om støtte til tiltak om å inkludera barn og unge!

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) lyser ut midlar til tiltak for å inkludera barn og unge. For 2020 er fristen 13. desember. Både offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkja om støtte. Døme på dette er kor, korps, organisasjonar og idrettslag. Med atterhald om endeleg vedtak i Stortinget, skal det fordelast 310 millionar kroner.
Les meir.

Store vegprosjekt klare for sluttbehandling

På møtet den 3. desember skal dei to store vegprosjekta mellom Kolltveit-Ågotnes og Kolltveit-Sund behandlast i komité for plan og utvikling (KPU). Tre andre reguleringsplanar ligg også klar for sluttbehandling. Også andre store reguleringsplansaker er til behandling i KPU i neste veke.
Les meir. 

Fekk kunnskap om kyrkja i den nye kommunen

Ordførar for Nye Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik, og varaordførar for den nye kommunen, Torill Selsvold Nyborg, fekk på onsdag denne veka innføring i det kyrkjelege arbeidet i den nye kommunen.
Les meir.

Tankar om framtida denne veka

Også denne veka om det tre nye videoar i serien Tankar om framtida der elevar i dei tre kommunane fortel kva dei tenkjer om framtida i den nye kommunen. Denne veka kan du sjå og høyra Frida frå Tranevågen, Mia frå Kolltveit og Viktoria frå Sund ungdomsskule.
Les meir. 

 


Sist endret: 30.11.2019