Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 36 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Elbil-ladestasjonar ved alle kommunale bygg

På tysdag markerte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy at Fjell kommune no har elbilladestasjonar ved alle kommunaleigde bygg.
- Dette bør vera til inspirasjon for andre kommunar, seier leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Norsk elbilforening, Unni Berge. Inklusive 16 tidlegare monterte elbil-ladepunkt, har Fjell kommune no totalt 158 ladepunkt fordelt på 28 lokalsjonar.
Les meir.

Dramatisk reise frå Eritrea til Noreg

Han hadde tre val; han kunne kjempa, gje opp eller flykta. Slik uttrykte Semere (19) det då han som 15-åring i fleire år hadde opplevd krig, undertrykking og eit diktatorisk regime i Eritrea. Det var inga framtid i Eritrea for Semere. Saman med Yonas (20) og Robel (20) presenterte Semere i dag boka «Kokob – En fortelling om en reise». 
Les meir.

Arbeidet med lokalisering er avhengig god informasjon og godt samarbeid

Innan 30. oktober skal det avgjerast kvar administrasjon og tenester i Nye Øygarden kommune skal lokaliserast. Nokre tilsette vert meir berørte av dette enn andre. Både prosjektrådmann Rune Lid og hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet, Nina Zandstra, meiner at samarbeid og involvering frå dei tilsette er avgjerande for å lukkast med ein god prosess.
Les meir.

Regionrådet Vest rundar av

Den 2. september hadde Regionrådet Vest sitt siste møte. Ti år med regionalt samarbeid vart markert med kake på kommunehuset i Sund i dag. Regionrådet tok til orientering ei oppsummering av arbeidet i regionrådet sidan starten i 2010. Der går det fram at med regionrådet som initiativtakar vart det innan fleire felt etablert regionalt samarbeid der mange arbeidsgrupper la ned eit omfattande arbeid. Det er semje om at via regionrådet vart det etablert ein viktig samarbeidsarena både administrativt og politisk.
Les meir.

Vidaregåande skuleelev frå Fjell har fått smittsam hjernehinnebetennelse

Ein skuleelev på Hop videregående skole i Askøy kommune er innlagt på sjukehus med smittsam hjernehinnebetennelse. Eleven er busett i Fjell kommune. Det er så langt ikkje identifisert andre tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse i nokon av dei berørte kommunane. Denne typen hjernehinnebetennelse er lite smittsam, og det er lite sannsynleg at nokon er smitta.
Les meir.

Bomkast sette ingen dempar på fiskefest i Kjereidet

- La gå, ropte basen i Kjereidet sundag ettermiddag. Landnota gjekk i sjøen og karane frå Fjell Kystlag rodde det dei var gode for å få nota ut. Ingen pelagiske fiskesortar var å sjå då nota var dradd opp, men to berggylter er no meir enn ingenting. Arrangementet denne sundagen var eitt av fleire identitetsbyggjande arrangement for markera at Sund, Fjell og Øygarden vert ein ny kommune frå januar.
Les meir.


Sist endret: 06.09.2019