Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 37 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Høgre og Arbeidarpartiet er størst i Øygarden kommune

Kommunevalet for Øygarden kommune viser at Høgre og Arbeidarpartiet vert dei største partia. Høgre fekk 21,8 prosent av røystene og får få 10 representantar i kommunestyret i den nye kommunen. Arbeidarpartiet får 17,3 prosent (åtte representantar. Valoppslutnaden var i år på 63 prosent.
Les meir. 

Desse er valde inn i kommunestyret

Valstyret for Nye Øygarden kommune godkjende tysdag kveld møteboka med kandidatkåring av representantane i Øygarden kommunestyre. Kommunestyrevalet enda opp med at Høgre fekk 10 representantar, Arbeidarpartiet åtte representantar og Sotralista med fem medlemer i kommunestyret.
Les meir.

Følgjer opp ROS-analyse

Leiinga i Nye Øygarden kommune følgjer opp ein ROS-analyse som er gjennomført i samband med etableringa av den nye kommunen. På møtet i overordna styringsgruppe på onsdag vart det presentert fleire tiltak som følgje av ROS-analysen (risiko- og sårbarheitsanalyse). Overordna styringsgruppe er samansett av leiarteamet i Nye Øygarden kommune og dei hovudtillitsvalde.
Les meir.

Fekk utdelt kompetansebevis

På torsdag fekk Amalie Oldeide overrekt kompetansebevis på Basecamp Repro. Det var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som delte ut beviset. Kompetansebeviset tek utgangspunkt i eit kompendiet «Opplæring i sykkelreparatørfaget» av Rasmus Leiro. Kandidatane som går opp til prøve, vert å prøvd i fem tema med utgangspunkt i kompendiet.
Les meir.

Føreslår fast tilskot til Gründerparken Vest

Prosjektrådmannen føreslår at det vert gjeve eit fast årleg tilskot til Gründerparken Vest på 500 tusen kroner. Saka skal til behandling i fellesnemnda den 16. september. I tilrådinga heiter det at beløpet vert innarbeidd i dei årlege budsjettet frå og med budsjettåret 2020. Det vert vidare føreslått at den framtidige driftsmodellen for gründerparken vert justert opp mot storleiken på det kommunale tilskotet og at kostnadene vert balansert i samsvar med dei forventa inntektene.
Les meir.

Det er aldri for seint å leva ut draumen

Arne Ulvolden (84), betre kjent som Bestefar i «Samuel og Bestefar» besøkte Temakafé for kreftramma og pårørande onsdag 4. september. Bestefar Arne fortalte om barnebarnet Samuel Massie si barndom og oppvekst som skuletapar, og endringane i livet då Samuel starta på folkehøgskule. Samuel lærte om livsmeistring og at det var viktig å leva heile livet.
Les meir.

Open dag på Ågotnes brannstasjon

Laurdag 21. september inviterer Øygarden brann og redning og Bjørnis til open dag på brannstasjonen på Ågotnes. Stasjonen vil vera open frå kl. 11-14.På programmet står morosame aktivitetar for heile familien. Alle som har svart rett på spørsmåla i aktivitetsløypa er med i trekninga av eit gåvekort på kr 500,-.
Les meir.

 


Sist endret: 13.09.2019