Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 38 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Løyver 1,5 millionar kroner til Gründerparken Vest

Fellesnemnda vedtok på måndag å løyva 1,5 millionar kroner i tilskot til Gründerparken Vest for 2020. Formelt vart det vedteke å innarbeida beløpet i budsjettet for neste år. Det vart også vedteke å løyva 1,5 millionar kroner til opningsarrangement for innbyggjarane i Nye Øygarden kommune. Elles slutta fellesnemnda seg til revidert tidsplan for anbodsprosess på forsikra pensjonsløysing for Nye Øygarden kommune.
Les meir.

28 nye lærlingar er i full sving

På tysdag denne veka var det samling for dei nye lærlingane i Fjell.
- Det spesielle med dykk er at de startar som lærling i Fjell og fullfører læretida i Øygarden, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy til dei 28 nye lærlingane. Ordføraren var glad for at lærlingane hadde vald Fjell. I talen til dei nye medarbeidarane sa ordføraren at unge lærlingar betyr mykje for kommunen. Fjell kommune har for tida totalt 72 lærlingar.
Les meir.

Vil du bli aktivitetsvenn?

Invitasjon til aktivitetsvennkurs tysdag 1. og onsdag 2. oktober kl. 18.00-20.00 - Fjell frivilligsentral på biblioteket, Sartor Storsenter. Kurshaldarar Arild Sørensen saman med Hukommelsesteamet i Fjell kommune. Frivillige frå Sund og Øygarden som vil bli aktivitetsvenner i sitt nærmiljø, er hjarteleg velkomne på dette felles kurset. For meir informasjon om påmelding, kontakt leiar for aktivitetsvennene Arild Sørensen på tlf. 901 71 119 eller på e-post a-so2@online.no.
Les meir.

Konkurranseinstinktet vakna på Pyttane

Det var mange skjulte talent som kom for ein dag då eit 50-tals medarbeidarar var samla på Pyttane i ekte vestlandsver torsdag kveld. Det var kommunalsjef for organisasjon og digitalisering i Nye Øygarden kommune, Sissel Iren Nesse, som hadde samla folka sine til fagleg påfyll, konkurranse, hygge og godt matfellesskap.
Les meir.

Førstehjelpskurs for lærlingane

18. september vart det arrangert kurs i brannvern og førstehjelp for 1. års lærlingane på brannstasjonen på Ågotnes. Ronny Gilborn gav oss god innføring i den teoretiske delen av brannvern. Kristine og Ronny gav oss god innføring i den praktiske delen. De fikk sløkka brann med brannteppe, sløkka brann i vogn. Det er så viktig at de får prøve ut dette sjølve.
Les meir.


Sist endret: 20.09.2019