Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 39 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Lokalisering: Sjå kva som er neste steg!

Arbeidet med å lokalisera administrasjon og tenester i den nye kommunen held fram. I steg to handlar det mellom anna om å arbeida fram forslag til tenester som skal leggjast til lokale servicesenter. Innan 25. september leverte hovudprosjekta innan dei fem kommunalsjefområda (Helse og velferd, Oppvekst, Kultur og samfunn, Økonomi og Organisasjon og digitalisering) forslag til lokalisering.
Les meir.

Avviklar Fact Team frå nyttår

FACT Team, som gjev tenester til innbyggjarar i kommunen med alvorlege psykiske lidingar over lengre tid, vert avvikla frå og 31. desember 2019. Fact Team har sidan starten i 2015/2016 vore eit prosjekt som har vore tidsavgrensa på inntil fire år. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Fjell kommune og Øyane DPS. Prosjektet har motteke tilskot frå Helsedirektoratet i heile prosjektperioden.
Les meir.

To landskampar i Sotra Arena i november 2020

Nok ein gong vert det landskampar i handball for kvinner i Sotra Arena. I november 2020 vert Intersport Cup 2020 (tidlegare Møbelringen Cup) arrangert i bergensområdet. To kampar vert spelte i Sotra Arena, medan opningskampen vert spelt i Arena Nord i Åsane.
Kampane i Sotra Arena vert spelte laurdag 28. og sundag 29. november. Billettsalet opnar 3. februar. Samarbeidspartnar i Sotra Arena er Sotra Sportsklubb.
Les meir. 

Aktiv+ videopremiere - sjå kva du kan vera med på!

På onsdag var det filmpremiere på Aktiv+ med to flunkande nye videoar. Det var ikkje noko å sei på stemninga, og det vart faktisk tilløp til trampeklapp. Videoane vart samrøystes godkjend på staden i ope medlemsmøte. Best av alt; seniorane har Sotra Arena heilt for seg sjølv kvar tysdag føremiddag – og det er plass til fleire!
Les meir.

Opna sansehagen på Straume- bu og servicesenter

I dag var det fest med vafler, kaffi, snorklipping, tale og song på Straume- bu og servicesenter. Grøntavdelinga hjå Eigedomssjefen har sidan mai arbeidd med å rehabilitera hagen ved senteret. Det var naturleg nok gjevt for Audun Foldnes å få æra av å klippa snora. For å gjera det mest mogleg krevjande valde han å klippa der sløyfa var tjukkast, men det gjekk til slutt.
Les meir.

Bli med på debatt om Nye Øygarden kommune!

Biblioteka i Sund, Fjell og Øygarden inviterer til debattar om korleis vi vil ha det i den nye kommunen. Det handlar om sentrum/periferi, samferdsle og strilekultur. Debattleiar vert tidlegare journalist i Bergens Tidende, Per Jon Odén. I oktober vert det invitert til tre debattar i biblioteka. Første debatt vert allereie torsdag 3. oktober i Øygarden bibliotek på Rong senter klokka 19.00.
Les meir.

- Eg ønskjer ein mobbefri skule

Denne veka startar Elev i Nye Øygarden videoopptaka der elevar snakkar om kva tankar dei har om framtida i den nye kommunen.
- Eg har lyst til å ha ein mobbefri skule i Nye Øygarden, seier Gabriel Sæle i 9c på Øygarden ungdomsskule. Denne veka har filmskapar Jøran Ingvaldsen gjennomført opptak på Rong, Skogsvåg og Straume. Elevar frå dei tre kommunane i vest har troppa opp og presentert tankane sine om framtida her vest.
Les meir. 

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka

23.09.  Styremøte i KS- Hordaland/Sogn og Fjordane

24,09.  Samarbeidsforum Vest

29,09.  Overlevering av Landro gravplass til kyrkjeleg fellesråd

Ordføraren neste veke (40)

  • 30.09.  Gruppeledermøte – ny kommune
  • 03.10.  Forhandlingsmøte med Hordaland Fylkeskommune om fv 561
                Presentasjon av «mogeleganalyse for framtidsretta akvakultur»
  • 04.10.  Møte med «Uppsala kommune – Sverige»
                Lystfestivalen på Fjell Festning

 


Sist endret: 27.09.2019