Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 40 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Tek stilling til prinsipp for lokalisering

Partssamansett utval (PSU) og fellesnemnda skal i neste veke behandla saka om lokalisering av administrasjon og tenester i den nye kommunen. Det vert mellom anna føreslått å etablera innbyggjartorg på Rong, Skogsskiftet og Straume. PSU behandlar saka måndag den 7. oktober, medan fellesnemnda gjer vedtak på møtet den 9. oktober.
Les meir.

Første samling for einingsleiarane i Oppvekst

På onsdag var einingsleiarane i Oppvekst i Nye Øygarden kommune samla for første gong. Kommunalsjef for Oppvekst, Anne-Merete Vabø Haugane opplevde dette som ei god samling. Kommunalsjef Vabø Haugane seier at det vart tid til å verta meir kjende med kvarandre.
- Stemninga var god og open. Vi kunne heldigvis kjenna på starten av vi-kjensla og profesjonsarbeidet vi veit vil gje god kvalitet i tenestene, seier ho.
Les meir.

 

Besøk frå Uppsala

I dag var ein delegasjon på 37 ordførarar, kommunaldirektørar (rådmenn) og andre i toppadministrasjonen i Region Uppsala på besøk i Fjell.- Det er viktig å dela erfaringar, seier ordførar i Östhammar kommune, Jakob Spangenberg. Region Uppsala møtte med politisk og administrativ leiing. Det same gjaldt dei åtte kommunane i regionen. Også Hordaland fylkeskommune var representert på samlinga i Fjell rådhus i dag.
Les meir.

Fekk gode råd frå brannvesenet

Sjølv om talet på omkomne i brannar har gått ned dei 10 siste åra, prioriterer brannvesenet det førebyggjande brannvernet høgt. På tysdag denne veka, på den internasjonale eldredagen, fekk eit 30-tals frammøtte på ei samling i Sotra Arena gode råd om korleis dei kan unngå brann og branntilløp. Avdelingsleiar i Øygarden brann og redning IKS, Ove Geir Stusdal, sa at institusjonane er tryggare enn heimane med tanke på faren for brann. Personar over 70 år har fem gonger så høg risiko for å omkoma i brann enn resten av innbyggjarane
Les meir.

Vigsla Landro kyrkjegard

Den nye delen av Landro kyrkjegard vart vigsla søndag 29. september. Først var det gudsteneste i Landro kyrkje ved sokneprest Bjarte Nese. Deretter var det kyrkjekaffi med helsingar. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy overrekte formelt den nye kyrkjegarden til Dag Olav Bjorøy, leiar av soknerådet og fellesrådet i Fjell.
Les meir.

Ulike og unike på Landro skule

Sist veke gjennomførte Landro skule temaveka «Ulike og unike». Vi hadde livsmeistring og psykisk helse på timeplanen. Målet med veka var å læra å forstå og tolerera kvarandre betre, samt å godta at vi alle er ulike og har ulike behov. Elevane vart gjennom ulike aktivitetar betre kjende med omgrepet livsmeistring.
Les meir.

 


Sist endret: 04.10.2019