Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 16 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

- Kommunane bør ha ansvaret for barneverntenesta

Kommunestyret vedtok på torsdag ein uttale om ein rapport frå eit ekspertutval som har vurdert nye oppgåver til fylkeskommunen. Kommunestyret støttar i hovudsak innstillinga frå rådmannen, men vedtok nokre endringar og eit tilleggspunkt.
Elles godkjente kommunestyret detaljreguleringsplan for Skorafjellet (barnehage).
Les meir.

Kommunestyra skal gje uttale til politisk styringsstruktur

På møtet i fellesnemnda på måndag vart det vedteke å leggja sluttrapport for politisk styringsstruktur ut på høyring til kommunestyra i Sund, Fjell og Øygarden. Det må setjast ein frist som gjer det mogleg å rekkja tilbake med sak til fellesnemnda den 18. juni.
Andre saker: Rapport frå utval for eigarskapsstruktur og arbeidsgruppe for lokaldemokrati og identitet.
Les meir.

Vedtok omstillingsavtale

Partssamansett utval (PSU) vedtok på tysdag omstillingsavtale for kommunane Sund, Fjell og Øygarden. Omstillingsavtalen regulerer arbeidsgjevarpolitiske spørsmål og utfordringar i samanslåingsprosessen fram til nytt kommunestyre er konstituert i den nye kommunen. Avtalen legg til grunn at kommunesamanslåinga inneber verksemdsoverdraging etter arbeidsmiljølova der alle dei tilsette vert overførte til Nye Øygarden kommune frå 1. januar 2020.
Les meir.

Gjev støtte til vanskelegstilte

Det vart delt ut pengar frå stiftinga hjelp til vanskeligstilte. No er det klart for ein ny runde der det vert gjeve støtte til dei som har særskilte behov.Enkeltpersonar, familiar, organisasjonar, institusjonar eller lag og foreiningar kan søkja om støtte.
Les meir.

Velkomen til jubileumsmusikal

Fjell kulturskulekor og kulturskulen fyller 40 år i 2018, og feirer med flott musikalshow i kultursalen ved Fjell rådhus laurdag 21. april og sundag 22. april. Med oss har vi dans- og dramagrupper frå Fjell, Sund og Øygarden.
Les meir.

Inviterer til Kystsogevekene

Det er veteranbåtfestivalen Fjordsteam i Bergen som vert ramma for opninga av Kystsogevekene 2018. Opninga går av stabelen den 4. august. Det heile vert avrunda i september i Rosendal i Kvinnherad.I løpet av seks veker vert det mange små og store arrangement på sjø og land.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (16)

  • 16.04.: Møte i fellesnemnda for Nye Øygarden kommune
                Folkemøte på Liljevatnet skule
  • 17.04.: Møte i partssamansett utval
  • 19.04.: Kommunestyremøte
                Opning av O'leary's
  • 20.04.: Avslutningskonferanse for BYR-programmet
  • 21.04.: Opning av NM i Sportsdrill i Sotra Arena
                Jubileumsmusical – Fjell kulturskule 40 år

 


Publisert: 20.04.2018 22:38
Sist endret: 20.04.2018 22:49