Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 41 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Føreslår 320 millionar kroner til Sotrasambandet

Regjeringa føreslår i framlegget til statsbudsjett for 2020 å setja av 320 millionar kroner utanom OPS-kontrakten (OPS: Offentleg Privat Samarbeid). Ifølgje regjeringa startar arbeidet opp i 2020-2021. I framlegget frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet går det fram at den nye kommunen får 2,14 milliardar kroner i frie inntekter i 2020.
Les meir.

Slutta seg til prinsipp for lokalisering og valde KLP som pensjonsleverandør

Fellesnemnda slutta seg på onsdag samrøystes til prinsippa for lokalisering av administrasjon og tenester. I vedtaket vert det mellom anna slått fast at det skal etablerast innbyggjartorg på Rong, Skogsskiftet og Straume. Fellesnemnda vedtok også at Kommunal Landspensjonskasse (KLP vert leverandør av pensjonstenester. Les meir.

Lokalisering må vera forankra i intensjonsavtalen

På måndag drøfta partssamansett utval (PSU) saka som omhandlar lokalisering av administrasjon og tenester. PSU slutta seg samla til framlegget frå prosjektrådmannen. Dei tillitsvalde la ved innspel til saka. Dette følgjer saka fram til behandlinga i fellesnemnda på onsdag. Under drøftinga var fleire av politikarane opptekne av kva tenester som skal lokaliserast i kommunedelsentera Skogsvåg og Rong. Les meir.

Rekordoppslutnad på Teikn til tale-kurs

Den 25. september vart det arrangert Teikn til tale-kurs i kultursalen i Fjell rådhus. Med 220 deltakarar var det rekordoppslutnad. TTT-opplæring som del av ASK-tiltak byggjer på språksatsinga Fjell kommune har hatt gjennom språkkommuneprosjektet 2017-2020. Satsinga skal vidareførast inn i Nye Øygarden kommune. Les meir.

Inviterer til stort korslag den 4. januar

I samband med overgangen til ny kommune, vert innbyggjarane inviterte til fleire arrangement den første veka i januar. På den store folkefesten laurdag 4. januar vert det mellom anna KORSLAG. Vi følgjer opp suksessen med korslaget i 2018 og inviterer til nytt stort korslag klokka 17.00 på den offisielle opningsdagen. Les meir.

Minneord om Monica Melkevik

Det var med stor sorg vi 21. september tok imot meldinga om at vår høgt verdsette kollega Monica, var gått bort. Etter å ha kome seg igjennom tidlegare periode med brystkreftsjukdom, ramma kreften på nytt tidleg på nyåret 2019, denne gongen svært brått og brutalt. Ho som var den sunnaste, sprekaste, mest arbeidsame av oss alle, var altså den som måtte unngjelde for denne nådelause sjukdomen. Les meir.

- Vi har behov for 350 bøsseberarar til TV-aksjonen

TV-aksjonen den 20. oktober går til arbeidet CARE gjer for å skapa eit betre liv for kvinner i nokre av dei mest sårbare områda i verda. Det er behov for mange bøsseberarar, ikkje minst i Straume-området. Totalt treng vi 350 bøsseberarar for å nå alle husstandane i kommunen, seier leiar i Fjell frivilligsentral, Stine Sanden. Les meir.

Realistisk å oppnå balanse i økonomien i 2019

- Det må vera eit realistisk mål at Fjell kan gjera opp rekneskapen for 2019 i god balanse mellom utgifter og inntekter. Det skriv rådmann Steinar Nesse i økonomirapporten pr. 30. september. Kommunesturet behandlar rapportar for august og september som orienteringssak den 17. oktober. Les meir.

Vi kan gje rettleiing til å få barnet «tørr»

Skulehelsetjenesta i Fjell kommune har mange gode tenester for barn og foreldre. Ei av disse tenestene er Tisseskulen. Helsesjukepleiarar vert stilt overfor mange problemstillingar som berører utviklinga til barnet. Dette krev breitt kompetanseregister. Vår jobb innanfor helsefremjande arbeid er å fremja trivsel, velvære og høve til å meistra dei utfordringane og belastningane menneske vert utsette for i dagleglivet. Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka

  • 14.10.: Statsministeren kjem til Brattholmen skule
  • 15.10.: Markering av det første fylkestinget i Vestland fylke
  • 17.10.: Kommunestyremøte i Fjell kommune
  • 18.10.: Opning av Sartorlunden
  • 20.10.: TV-aksjonen «Nå er det hennes tur»

 


Sist endret: 11.10.2019