Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 42 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Ber den nye kommunen om å prioritera trafikksikring langs Idrettsvegen

Fjell kommunestyre ønskjer så raskt som mogeleg å få byggja ein kulvert ved Sotra Arena og ber difor om at denne investeringa vert vurdert i samband med budsjettet for Nye Øygarden kommune for 2020 eller ubrukte midlar i Fjell kommune. På kommunestyremøtet på torsdag røysta mindretalet på ti medlemer på forslaget frå Sotralista om å gjennomføra prosjektet og fullfinansiera det med midlar frå ubundne investeringsfond.
Les meir.

Statsministeren møtte engasjerte elevar på Brattholmen

Alle ville ha ein bit av statsminister Erna Solberg då ho besøkte klasse 3b på Brattholmen skule på måndag denne veka. Ho tok seg tid til å dela klemmar til fleire av elevane.
- Eg maste mykje i timane som elev, måtte statsministeren vedgå. Bakgrunnen for besøket er prosjektet Elev i Nye Øygarden der elevane i dei tre kommunane er inviterte til å engasjera seg i bygginga av den nye kommunen.
Les meir.

Opna Sartorlunden på Straume

I nydeleg haustvér kunne ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i dag klippa snora for å markera offisiell opning av Sartorlunden på Straume.
- I denne parken kan du plukka deg eit eple utan at nokon trur du er på slang, sa ordføraren.
Les meir.

Markerte jubileum år med kvalitetskonsert

Med Gabriel Fliflet og Bjørn Tomren på scena fekk dei 130 personane som hadde funne vegen til Sotra Arena på tysdag ei feststund. Dei to karane gav femårsubilantane i Aktiv + ein konsert med humor, alvor, ettertanke og ei stemmebruk av sjeldan høg kvalitet. Det er no nokså nøyaktig fem år sidan at Aktiv + såg dagens ljos. Kvar tysdag klokka 10.30 til 14.00 møter mange yngre og eldre seniorar til aktivitet, kulturinnslag og foredrag.
Les meir.

Lokalisering: Kva skjer fram mot 31. oktober?

Saka om lokalisering av administrasjon og tenester er no behandla i partssamansett utval og fellesnemnda. På grunnlag av dette og det administrative førebuingsarbeidet, skal prosjektrådmannen innan 31. oktober ta endeleg stilling til lokalisering. Den 16. september slutta fellesnemnda seg til prinsippa føreslått av prosjektrådmannen.
Les meir.

Siste møte for Fjell eldreråd

På tysdag denne veka vart det markert at Fjell eldreråd hadde sitt siste møte før den nye kommunen er eit faktum frå 1. januar. Heretter handlar det om eldreråd for Nye Øygarden kommune. Leiar i Fjell eldreråd, Berit Anita Larsen, ser tilbake på arbeidet i eldrerådet med glede. Ho trur det vert spennande med eldreråd for den nye kommunen.
Les meir.

Søkjarlistene til leiarstillingar i Nye Øygarden kommune

Her er søkjarlistene til stillingane som einingsleiar byggjesak, einingsleiar pedagogisk psykologisk teneste (PPT) og leiar stabsavdeling service.
Les meir.

Havarert flytedokk på Ågotnes skal ikkje hevast

Fjell kommune har avgjort at skroget av flytedokka som den 26. november 2018 havarerte i industrihamna ved Coast Center Base AS (CCB AS), ikkje skal hevast. Skroget ligg på skrånande botn på 20 til 60 meters djupn. Det er Fjell kommune som har forureiningsmynde i denne saka. I brevet til CCB AS skriv kommunen at løyvet om å la skroget verta liggjande er gjeve på fleire vilkår.
Les meir.

Konstituerande kommunestyremøte for den nye kommunen

Den 24. oktober skal det konstituerande kommunestyret i (Nye) Øygarden velja formannskap, ordførar, varaordførar og fleire utval for perioden 2019 til 2023.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (42)

  • 14.10.: Statsministeren kjem til Brattholmen skule
  • 15.10.: Markering av det første fylkestinget i Vestland fylke
  • 17.10.: Kommunestyremøte i Fjell kommune
  • 18.10.: Opning av Sartorlunden
  • 20.10.: TV-aksjonen «Nå er det hennes tur»

 


Sist endret: 18.10.2019