Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 43 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Tom Georg Indrevik vald som ordførar i Øygarden

På torsdag denne veka vart Tom Georg Indrevik (H) vald som ordførar i den nye kommunen. Varaordførar vert Torill Selsvold Nyborg (KrF). - Eg vil gjera mitt beste for at dykk, alle tilsette og alle andre innbyggjarar i vår nye kommune skal sjå på meg som sin ordførar, sa Indrevik til kommunestyret etter at han var vald.
Les meir.

Krevjande jobb fram mot nyttår

Prosjektrådmann Rune Lid orienterte fellesnemnda på måndag om kva som må prioriterast fram mot at den nye kommunen er eit faktum frå nyttår. Prioriterte oppgåver er mellom anna budsjett, lokalisering, delegasjonsreglement (administrativt og politisk) og nye IKT-system.
- Arbeidet er i rute, sa Lid.
Les meir.

Opplever vald og truslar som «normalt»

- Mange oppfattar vald og truslar på arbeidsplassen som ein del av kvardagen. Det sa seniorinspektør i Arbeidstilsynet, Evy Dale, då ho saman med kollegaer heldt rettleiingsmøte for om lag 60 medarbeidarar i Sund, Fjell, Øygarden og Askøy. I alt har over 300 kommunar delteke på rettleiing eller motteke tilsyn. Arbeidstilsynet vil no forankra ansvaret for helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet hjå rådmenn og andre aktuelle leiarar i rettleiingsmøte om førebygging av vald og truslar.
Les meir.

No startar serien Tankar om framtida

Fram til nyttår vil elevar frå skulane i Sund, Fjell og Øygarden presentera tankane sine om framtida og den nye kommunen. Onsdag 23. september presenterer vi dei tre første elevane som på video formidlar tankane sine om framtida her vest. Serien Tankar om framtida er ein del av skuleprosjektet Elev i Nye Øygarden. Denne hausten elevane i dei tre kommunane utfordra til å arbeida særskilt med bygginga av Nye Øygarden kommune.
Les meir.

Mange viste gjevarglede

Så langt er det samla inn om lag 900 tusen kroner frå Fjell til TV-aksjonen. Dette tilsvarar om lag 34 kroner pr. innbyggjar. Landsgjennomsnittet er om lag 41 kroner pr. innbyggjar og totalt 221 millionar kroner. Leiar av kommunekomitéen, ordførar Marianne Sandahl Bjorøy, seier at innsamlinga gjekk svært fint. Nokså tett opp mot innsamlingsdagen var det behov for mange bøssebererar, men det vart mobilisert godt.
Les meir.

Høyring om lokalisering av administrasjon og tenester

Prosjektleiinga i Nye Øygarden kommune presenterer no høyringsnotat om lokalisering av administrasjon og tenester. Arbeidstakarorganisasjonane er høyringsinstans og har frist til tysdag 29. oktober kl. 15 å gje uttale til høyringsnotatet.
Les meir.

Fjell kulturskule presenterer haustkonsertar

Velkomen til ulike konsertar og kunstutstilling torsdag 24., måndag 28., tysdag 29. og onsdag 30. oktober.
Les meir.

Vi kan hjelpa deg!

Dersom du har behov for småoppdrag i heimen, kan SOpp+ vera noko for deg.
- Det første oppdraget mitt var å høgtrykkspyla trappa utanfor huset til ei eldre dame, seier ein av initiativtakarane til SOpp+, Sigurd Hope. I samarbeid med Fjell kommune har Sigurd og seks andre entusiastar etablert ei ideell foreining som legg til rette for at innbyggjarar, til dømes eldre eller andre med funksjonssvikt, skal kunna kjøpa småoppdrag knytt til heimen på ein trygg måte.
Les meir.

Knappskog skule markerte internasjonal dag

På FN-dagen i dag markerte skulen internasjonal dag saman med elevar og gjestar. På Knappskog skule har vi barn og tilsette frå 21 ulike nasjonar, og skulen har som mål å fremje toleranse og kulturelt mangfald.
Les meir.

Livsstilskurs - for gode vanar

Frisklivs- og meisringssenteret inviterer til Livsstilskurs 2020. Gode vanar kan gje god helse! Kurset har som mål å leggja til rette for betre kosthald, auka fysisk aktivitet og vera meir til stades i eige liv. Kursdagane er i januar til april.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (43)

  • 21.10.: Fellesnemnd
  • 22.10.: Møte med Bergenspensjonister
  • 23.10.: Styremøte i MOT-Fjell
  • 24.10.: Konstituerende kommunestyremøte i Nye Øygarden
  • 25.10.: Vigslar
  • 27.10.: Jubileumskonsert - Sotra Storband

 


Sist endret: 24.10.2019