Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 44 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Slik vert lokaliseringa av administrasjon og tenester

Prosjektrådmann Rune Lid presenterer no korleis administrasjon og tenester skal organiserast i Nye Øygarden kommune. Konklusjonen er teken etter at høyringsnotatet har vore på høyring og at det er gjennomført ei grundig drøfting i overordna styringsgruppe.
- Vi har imøtekome ein god del av innspela frå dei tillitsvalde, seier Rune Lid.
Les meir.

Kraftig auke i tilfelle av kikhoste i regionen vår

Denne hausten er det, særleg frå september av, registrert ein kraftig auke i tilfelle av kikhoste i befolkninga i regionen vår. Smittevernlege Jens Eikås, ønskjer at så mange som mogleg vaksinerer seg. Dei som no har fått påvist denne sjukdomen er i alle aldrar frå barn til personar i vaksen alder. (Denne saka vert truleg lagt ut fredag).
Les meir. 

Her er gode råd om eigenberedskap

Denne veka inviterer Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB) til Eigenberedskapsveka 2019. Både som kommune og som enkeltborgar kan vi førebu oss på krevjande situasjonar. Eigenberedskapsveka (28. oktober til 3. november) handlar om at vi set eit ekstra fokus på korleis vi kan møta krisar. DSB har utvikla bodskap og produsert kampanjemateriell som kan nyttast fritt av offentlege etar. Men også som enkeltborgar kan vi førebu oss på uønskte situasjonar.
Les meir.

Tankar om framtida denne veka

På onsdag presenterte prosjektet Elev i Nye Øygarden tre nye videoar i serien Tankar om framtida der elevar i dei tre kommunane fortel kva dei tenkjer om framtida i den nye kommunen. Denne veka kan du sjå og høyra Ingrid Nakken (Blomvåg skule) , Kelsie Nesse (Sund undomsskule) og Gabriel Sæle (Øygarden ungdomsskule).
Les meir.

Formannskap og tre utvalsmøte i neste veke

Alle dei tre utvala i den nye kommunen er kalla inn til møte på onsdag 6. november. Det er formannskapsmøte den 5. november. I utval for plan og utval for samfunnsutvikling er det ikkje saker til behandling, men orienteringar.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (45)

  • 04.11.:  Byvekstavtalemøte
  • 05.11.:  Formannskap (heildagsmøte)
  • 06.11.:  Fremtidas kulturskule: Kulturverkstad på Gardermoen

 


Sist endret: 01.11.2019