Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 45 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Tilrår satsar for økonomisk sosialhjelp

Formannskapet for den nye kommunen går inn for å harmonisera satsane for økonomisk sosialhjelp. På møtet den 5. november gav formannskapet tilråding til satsar for 2020. Einslege utan barn får 6 150 kroner pr. måndag frå 2020, medan ektepar/sambuarar får 10 250 kroner pr. måndag dersom kommunestyret sluttar seg til tilrådinga frå formannskapet.
Formannskapet vedtok elles at formannskapet skal vera styringsgruppe for prosessen med forhandlingar om byvekstavtale.
Les meir.

Tilrår å godkjenna språkbruksplan

Utval for tenester og levekår (UTL) for Nye Øygarden kommune rår kommunestyret til å godkjenna framlegget til språkbruksplan for Nye Øygarden slik han ligg føre. På møtet onsdag denne veka var det også møte i utval for samfunnsutvikling og utval for plan. I desse to utvala var det orienteringar.
Utvalet utsette fleire saker. Sakene om framlegg til nye vedteker for SFO (skulefritidsordninga) og kommunale barnehagar vart utsette. Det vart vedteke å oppretta ei arbeidsgruppe på fire personar som skal førebu sak og koma med framlegg til vedtekter for SFO og vedtekter for kommunale barnehagar innan utgangen av april. (Høgre).
Les meir.

Tankar om framtida denne veka

På onsdag vart tre nye videoar i serien Tankar om framtida presentert. Fram mot jul presenterer prosjektet Elev i Nye Øygarden tre videoar der elevar i dei tre kommunane fortel kva dei tenkjer om framtida i den nye kommunen. Denne veka kan du sjå og høyra Lena frå Foldnes, Martin frå Danielsen barneskule og Hedda frå Knappskog skule.
Les meir. 

Kurs for erfarne bilsjåførar

Det var nok mange erfarne sjåførar som fekk gode køyretips då Aktiv+ inviterte til kurs for Bilførar 65+ i Sotra Arena i sist veke. Repetisjon er visdommens mor heiter det, men ifølgje Egil Haaland var det også mykje nytt å læra på det første av seks fullteikna kurs. På torsdag og fredag i sist veke vart det første kurset gjennomført. I samarbeid med Statens vegvesen skal det gjennomførast fem slike kurs til.
Les meir. 

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (45)

  • 05.11.: Formannskap i Nye Øygarden kommune
  • 06.11.: Norsk kulturskoleråd, framtidas kulturskule
  • 09.11.: Vigslar

Ordføraren neste veke (46)

  • 12.11.: Ordførerprat på biblioteket
                PAU
  • 13.-14.11.: Fylkesmøte KS (interesseorganisasjon for kommunane) interesseorganisasjon)
  • 15.11.: Forhandlingsmøte, byvekstavtalen

 


Sist endret: 08.11.2019