Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 17 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Føreslår å overfytta Tellnes-elevar til Skogsvåg skule

Rådmannen føreslår å leggja ned Tellnes skule med verknad frå 31. juli 2018 og Liljevatnet skule med verknad frå 31. juli 2019. Forslaget kjem etter at sakene har lege ute til høyring. Sakene skal først behandlast i komité for drift den 30. april. Kommunestyret gjer endeleg vedtak den 7. mai.
Les meir

Statens vegvesen gjev «Nærinfo» til naboane til Sotrasambandet

I desse dagar sender Statens vegvesen sitt første «Nærinfo» om Sotrasambandet til naboane langs det nye sambandet. I det første nummeret kan du lesa om at vegkontoret er i gang med å kartleggja og prosjektera støytiltak for bustader langs det nye sambandet. Det vert vidare gjennomført tilstandsregistrering av 325 bygningar langs den planlagde linja for kabel-tunnelar til Sotrasambandet.
Les meir.

Førebu deg på flaum og overvatn!

No kan du få kunnskap om kor stor fare det er for flaum og overvatn i nærområdet ditt. Fjell kommune har utarbeidd eit aktsemdskart som gjev oversikt over moglege flaumfarar i eksisterande og planlagde utbyggingsområde. Aktsemdskartet er samansett av 36 kartblad som identifiserer stader ein må vera ekstra merskame på.
Les meir.

Jubileumsmusikal med songglede og kvalitet

Dirigent Åshild Eriksen og regissør Yvonne Algrøy kan pusta letta ut etter at femte og siste framsyning av 40-årsjubileumsmusikalen for Fjell kulturskulekontor var framført i kultursalen i rådhuset på måndag denne veka. I to framsyningar i dag fekk alle sjetteklassingane i Fjell eit utdrag av den store jubileumsmusikalen som vart framført tre gonger i helga som ligg bak. Det handla om eventyr og musikalar framført med song, musikk og dans.
Les meir.

Målet er å sjå personen bak pasienten

Klokka nærmar seg halv elleve på Straume bu- og servicesenter. Musikkterapeut Guri Dypvik kjem trillande med ei vasketralle fyll av instrument. Senteret for musikkterapiforsking på Griegakademiet GAMUT var til stades i vinter då kantina på bu- og servicesenteret var fylt opp av engasjerte eldre, dagsenterbrukarar, dei som bur i omsorgsbustadene og dei som har opphald på sjukeheimen.
Les meir.

Søk tilskot frå Ungdommens kommunestyre

Ungdommens kommunestyre, UKS, har kr 50 000 å dela ut i 2018 til aktivitetar, tilbod, arrangement eller andre tiltak retta mot ungdom i kommunen. Det er vesentleg at tiltaket er opent og tilgjengeleg for all ungdom i kommunen.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (17)

  • 24.04.: Besøk av komite for kultur, idrett og regional utvikling, Hordaland fylkeskommune
                Representantskapsmøte i Øygarden brann og redning IKS
  • 25.04.: Plastryddeaksjon i regi av Kenneth Bruvik
  • 26.04.: Oppsummering trafikktiltak
  • 27.04.: Årsmøte i Vest brann og redning

                     Veke: 18 (ferie)

 


Publisert: 27.04.2018 13:32
Sist endret: 27.04.2018 13:38