Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 19 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



Vedtok å leggja ned Tellnes og Liljevatnet skular

Kommunestyret vedtok på måndag denne veka å leggja ned Tellnes skule med verknad frå 31. juli 2018 og Liljevatnet skule med verknad frå 31. juli 2019. Elevane på Tellnes skule vert overførte samla til Skogsvåg skule i Sund, medan elevane på Liljevatnet skule vert samla overførte til Brattholmen skule.
Andre saker: Høyringar knytt til Nye Øygarden kommune og utnemning av kandidatar til styret for Fjell VAR.
Les meir

Sotrasambandet klar for stortingsbehandling

Transport og kommunikasjonskomitéen på Stortinget har nå avgitt innstillinga for riksveg 555 Sotrasambandet. I innstillinga går det fram at Stortinget samtykkjer i at Samferdsledepartementet kan inngå ein OPS-kontorakt (OPS:Offentleg Privat Samarbeid) for prosjektet og gjennomføra prosjektet i regi av Statens vegvesen. Ramma for prosjektet er 10,5 milliardar kroner Mindretalet , samansett av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti går inn for at prosjektet vert gjennomført som eit ordinært vegbyggingsprosjekt i regi av Statens vegvesen.
Les meir

Legg plan for Straume Sjøfront til offentleg ettersyn

Komité for plan og utvikling (KPU) vedtok på tysdag kveld å leggja framlegg til reguleringsendring for reguleringsplan for Straume Sjøfront (S4), Straume, ut til offentleg ettersyn med dei endringane som går fram av saksutgreiinga.
KPU vedtok også å leggja plan for Trettevik ut til offentleg ettersyn. Andre saker; plan for Bildøyvegen og Straumsfjellet og klagesaker.
Les meir

Signerte kontrakt for bygging av kabel-tunnelar

Onsdag ettermiddag signerte regionvegsjef Helge Eidsnes og representantar frå Bertelsen & Garpestad og det tjekkiske selskapet Metrostav kontrakten for bygging av kabel-tunnelane knytt til Sotrasambandet. Arbeidet startar opp til tidleg i juni. Kontrakten (einingskontrakt) har ei ramme på 287 millionar kroner.
Les meir

Minus for Fjell kommune i 2017

Etter tre år med overskot på drifta, vart rekneskapen for 2017 gjort opp med underskot. Det rekneskapsmessige meirforbruket (underskotet) var på 9,7 millionar kroner. Det formelle netto driftsresultatet for Fjell kommune viser eit pluss. Men dette resultatet må mellom anna korrigerast for overføring frå staten knytt til Nye Øygarden kommune, prosjektmidlar og statlege vedlikehaldsmidlar. Det korrigerte netto driftsresultatet vart dermed minus 14,9 millionar kroner.
Les meir.

Deltok i den største stafetten i verda

I strålande sommarvér deltok 250 elevar på skulane i nord og vest i kommunen i TINEstafetten på tysdag. Det var elevar frå sjette til niande trinn som fekk prøva seg på tartandekket på Ågotnes stadion.
- Dette var spennande og kjempegøy, men det vart svært tungt på slutten, sa dei fire sjetteklassingar på Kolltveit, Isabella Nilsen, Leona Telle, Linnea Hufthammer og Madelene Bø Askeland, vedgå då dei skulle konkludera etter ein flott dag i sola på Ågotnes. Men dei likte det dei fekk vera med på.
Les meir.

Invitasjon til Friluftslivsforum

Fjell, Sund og Øygarden kommunar ønskjer i samarbeid med Bergen og Omegn Friluftsråd og invitera til første møte i Friluftslivsforum måndag 4. juni.
Les meir

Får 15 tusen kroner frå Drømmestipendet

Gerd Vårin Emmerhoff frå Fjell er blant dei 100 i landet i 2018 som får 15 000 kroner frå Drømmestipendet. Gerd Våring Emmerhoff (19) har kunst og menneske som sin store lidenskap og får støtte under kategorien «Annet». Ho har sidan ho var 10 år gamal vore fascinert av kamera og det å kunna fanga små og store augneblink ved eit klikk og at det er ingen ende til kor kreativ ein kan vera med dette.
Les meir

Stortrivst på el-sykkel i skjørt og høghæla skor

Ho smiler frå øyra til øyra, Anne Heidi Midtun, når ho leikande lett syklar inn mot hovudinngangen til Fjell rådhus. - Eg susar rundt på el-sykkelen min og storkosar meg med det, seier medarbeidaren hjå personalsjefen. Det er vel ikkje fritt for at ho er litt stolt over å kunna visa til at ho har vald ein reisemåte som er godt for både helsa og miljøet, seier Anne Heidi.
Les meir

Ferietilskot til menneske med nedsett funksjonsevne

Fjell kommune har i 2018 midlar til ferietilskot til personar med nedsett funksjonsevne.Ferietilskot kan ytast til personar i Fjell kommune som på grunn av si funksjonshemming er avhengig av følgje til ferie/turar, eller treng eventuell anna særskilt tilrettelegging for å ta ferie.
Les meir. 

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (19)

  • 07.05.: Kommunestyret
  • 08.05.: Ordførarprat på biblioteket

12 Ordføraren neste veke (20)

  • 14.05.: Generalforsamling Sambygg AS
                Nettverkssamling for ordførarar/varaordførarar
  • 15.05.: Stortinge; overhøyring av debatten ved godkjenning Sotrasambandet
  • 16.05.: Fellesmøte MOT
  • 17.05.: Kransenedlegging v/Fjell kyrke
                «Sofraprat» på Bibelskulen på Bildøy

 


Publisert: 11.05.2018 15:19
Sist endret: 11.05.2018 15:28