Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 18 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Kommunestyret skal ta endeleg stilling til skulestruktur

Måndag den 7. mai skal kommunestyret gjera endelege vedtak i sakene der det er føreslått å leggja ned Liljevatnet og Tellnes skular. Komité for drift og forvaltning gjekk på måndag denne veka inn for å leggja ned Tellnes skule med verknad frå 31. juli 2018 og Liljevatnet skule med verknad frå 31. juli 2019. Kommunestyret skal også gje uttale til to saker knytt til Nye Øygarden kommune; politisk styringsstruktur og eigarskap.
Les meir

Stengjer Gamle Straumsundet bru

Kv1292 Bildøyvegen må stengjast for trafikk på grunn av grunnundersøkelser som må gjennomførast i forbindelse eit forprosjekt forbrua. Brua vert stengd onsdag 9. mai. frå kl. 09.30 - 14.00 og 18.00 - 21.00. Brua vert stengd for trafikk, men mjuke trafikantar kan passere.
Les meir

IKT er i godt gjenge

IKT- avdelingane i dei tre kommunane har jamlege møte seg imellom. Sidan 2016 har avdelingane prøvd å koordinera aktiviteten så mykje som mogleg. Google-prosjektet i Fjell, Sund og Øygarden er eit eksempel på det. IKT avdelingane har og tatt i bruk ein ny namnestandard. Det vil seia at alt utstyr som vert levert ut, får nytt felles namn. IKT har etablert tre prosjekt; server og infrastruktur, sak/arkiv system og økonomi/HRM-system. (HRM: Human Resource Management).
Les meir

Tilrår å godkjenna plan for veg på Bildøyna

Rådmannen går inn for at kommunen godkjenner detaljreguleringsplan for kommuneveg 47 Bildøyvegen-Bildøyna. Komité for plan og utvikling behandlar planen på møtet den 8. mai. Planen gjev grunnlag for utviding av ei vegstrekning på 1,3 kilometer med trafikksikring, gang- og sykkelveg, kryssutforming og andre fysiske tiltak.
Andre saker: Endring av plan for Straume Sjøfront, plan for Straumsfjellet, plan for Trettevika og klagesaker.
Les meir.

Sprang for ei god sak

Åttandeklassingane på Fjell ungdomsskule ønskjer at jentelaget til Mathare United skal få oppleva Sotra og Norway Cup neste år. Dei 100 elevane sprang minst 500 rundar på Sartor Storsenter på Straume på måndag denne veka og sikra eit flott beløp for å finansiera tur og opphald for jentelaget frå slummen i Nairobi i Kenya.
- Vi ser fram til å møta jentelaget neste år. Etter det vi veit, har dei det ikkje så veldig bra, seier dei tre av jentene som sprang seks rundar. Dei var utkledde som gris, einhjørning og elefant. Totalt skaffa dei tre jentene åleine 1 300 kroner til prosjektet.
Les meir

Komitéen går inn for å leggja ned Tellnes og Liljevatnet skular

Etter ein debatt på godt og vel ein time på måndag denne veka, gjekk komité for drift og forvaltning (KDF) med seks mot tre røyster inn for å leggja ned Tellnes skule med verknad frå 31. juli 2018 og Liljevatnet skule med verknad frå 31. juli 2019. Kommunestyret gjer endeleg vedtak den 7. mai. Saka går no til kommunestyret for endeleg avgjerd den 7. mai.
Les meir. 


Publisert: 04.05.2018 13:18
Sist endret: 04.05.2018 13:25