Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er ny vekerapport

I vekerapporten for veke 03 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

Fjell er eit demensvennleg samfunn

Som kommune nummer to i Hordaland underteikna Fjell kommune og Nasjonalforeningen for folkehelsen på torsdag under ein samarbeidsavtale som slår fast at Fjell er eit demensvennleg samfunn. Totalt har 86 av kommunane i landet underteikna samarbeidsavtalen. Det var ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy og generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Lisbet Rugtvedt som underteikna avtalen under ei markering på rådhuset.
Les meir

Populært med Digg læring

200 lærarar, IKT-folk, skuleleiarar, samarbeidspartnarnarar og andre interesserte var i dag samla på Digg læring-konferanse på Knappskog skule. Det var mange vaksne som sat på skulebenken på Knappskog i dag. Ifølgje ansvarleg for konferansen, lærar Ingvild Vikingsen Skogestad, handlar denne dagen om innovativ og framtidsretta læring.
Les meir. 

Sjå video frå «På Sporet-veka» på Fjell ungdomsskule!

I samband med «På sporet-veka» på Fjell ungdomsskule i november vart det laga ein video for å visa kva elevane arbeidde med denne veka. Elevane tok utgangspunkt i dei seks globale kompetansane for djupare læring (etter Michel Fullan). Målet var å kombinera utdanningsval («På sporet») og kompetansane for djupare læring med bærekraftmåla til FN bidreg til læring for heile mennesket.
Les meir.

Må samordna adressenamn i Nye Øygarden kommune

Ved kommunesamanslåingar er det lovkrav om at adressesystema vert samordna der det er fleire adressenamn som er doble/heilt eller svært like. Prosjektleiar for Nye Øygarden kommune føreslår at det vert sett i gang eit arbeid med å få avklart kva namn som må endrast. I saksutgreiinga til møtet i fellesnemnda den 22. januar går det fram at det kan vera vanskeleg å ta stilling til kva namn som må endrast. Andre saker er mellom anna fråsegn om kommunane sine budsjett og økonomiplanar og tilskot til kyrkjeleg fellesnemnd.
Les meir

Lærlingar på utdanningsmesse

Fjell kommune representerte lærlingordninga på Utdanningsmessa i Sotra Arena tysdag kveld.Tysdag 16.januar 2018 arrangerte «Rotary» Utdanningsmesse for alle 10.klassingar i Sund, Øygarden og Fjell kommune. Lærlingane i Fjell kommune representere desse faga: IKT, Kontor og administrasjon, Byggdrifter, Helsefag og Barne og ungdomsarbeidarfaget.
Les meir.

Velkomen til temakafé

Ny stad og nytt tidspunkt for temakafé: Onsdag 17. januar kl. 17.00 - 19.00 på Fjell Seniorsenter, 4. etg på Sartor Storsenter. Vi tek opp aktuelle tema og byr på ulike kulturelle innslag. Velkomen innom for ein kopp kaffe og ein matbit – og samtale i eit triveleg miljø saman med andre som har lik erfaring.
Les meir

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (03)

• 15.01.: Fylkesstyremøte i KS

• 17.01.: Møte med fylkesordføraren om regionreforma

• 18.01.: Møte med NAV regionalt og ny kommune
               Møte med grunneigarane langs Foldnesvegen

 


Publisert: 19.01.2018 14:48
Sist endret: 19.01.2018 14:54