Facebook ikon Twitter logo Print side

Her er nye vekerapport

I vekerapporten for veke 44 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.

 

Rune Lid vert rådmann i Nye Øygarden kommune

Fellesnemnda vedtok på måndag denne veka å tilsetja Rune Lid (51) som rådmann i Nye Øygarden kommune. Vedtaket vart gjort samrøystes. Rune Lid er i dag prosjektrådmann for Nye Øygarden kommune og rådmann i Sund. Fellesnemnda følgde ei samrøystes innstilling frå tilsetjingsnemnda. Fram til januar 2020 vert han prosjektleiar for Nye Øygarden kommune.
Les meir.

Byggjer ny rundkøyring: Legg om trafikken på Straume

I neste veke startar arbeidet med å byggja rundkøyring ved innkøyringa til Kystbygarasjen på Straume. Dette fører til at trafikken vert lagt om frå 12. november. Det vil vera tilgang til Kystbygarasjen og Sprek og Blid i heile byggjeperioden fram til arbeidet er avslutta i mai 2019.
Les meir.

Gler seg over utvida og rehabilitert skule

Saman med 250 andre elevar og 45 tilsette kan dei tre elevane Nathalie, Susanne og Tonje hoppa av glede over ein rehabilitert og utvida Landro skule. På måndag klipte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy over snora for å markera ei etterlengta offisiell opning på Landro.Resultatet av å bruka 75 millionar kroner inklusive meirverdiavgift på Landro er rehablitert administrasjonsfløy, 14 nye klasserom og SFO-base.
Les meir.

Forventar mindre helikopterstøy

Om lag 75 personar hadde funne vegen til kultursalen i Fjell rådhus tysdag kveld. Avinor med lufthamndirektør Aslak Sverdrup i spissen orienterte om arbeidet med nye helikoptertraséar.
Støy frå helikoptertrafikken mellom Bergen lufthavn og olje- og gassinstallasjonane i Nordsjøen har skapt stort engasjement blant innbyggjarane på Sotra i mange år. På møtet tysdag kveld orienterte Avinor om ei fersk støykartlegging for Bergen lufthavn utarbeidd av Sintef.
Les meir.

Utvidar og byggjer om Bjorøy skule

Komité for drift og forvaltning (KDF) gjekk på møtet tysdag samrøystes inn for å godkjenna at Bjorøy skule vert utvida og bygd om innanfor ei kostnadsramme på 62 millionar kroner inklusive meirverdiavgift.
KDF behandla også budsjettet for 2019. Høgre og Ap. føreslår å auka budsjettramma med om lag seks millionar kroner.
Les meir.

Inviterer til den tredje Digg læring-konferansen

For tredje året på rad vert det invitert til Digg læring-konferanse på Knappskog skule.
- Allereie no har over 250 meldt seg på til konferansen den 1. februar 2019, seier rektor Odd-Erik Kjeldstad. Det er fleire år sidan Knappskog skule etablerte «Digg læring – digital kompetanse på tvers av fag». Sidan hausten 2017 har skulen vore heildigital. Det digitale utstyret er det som primært vert brukt i undervisninga.
Les meir.

Psykisk helsedag i Sotra Arena for ungdomsskulane

Dette er ei årleg markering for alle ungdomsskuleelevane i kommunen der vi markerer Verdsdagen for psykisk helse. Temaet for verdsdagen i år, 25. oktober, var Ver Raus!
Målet med arrangementet er å markere at vi alle har ei psykisk helse, og å gi ulike vinklingar på korleis ta best mogleg vare på den. Les meir.

Velkomen til temakafé

Onsdag 7. november kl. 17.00 - 19.00 vert det invitert til temakafé for kreftramma og pårørande. Merk at vi nyttar «nytt» lokale i Fjell Seniorsenter, 3. etg. ved Arkaden, Sartor Storsenter. Vi tek opp aktuelle tema og byr på ulike kulturelle innslag. Velkomen innom for ein kopp kaffi og ein matbit – og samtale i eit triveleg miljø saman med andre som har lik erfaring.
Les meir.

Frukostmøte: Vekst krev nytenking

Tysdag den 13. november inviterer NAV og Vest Næringsråd til frukostmøte i Straume Teknologisenter. Det overordna temaet er «Endringsleiing». Tonje Elisabeth Aarøe har arbeidd som utøvande og industriell leiar i verdskjende selskap som Google og Microsoft. På frukostmøtet vil ho dela sine unike røynsler frå desse selskapa.
Les meir.

Første mann heim!

Den 29. oktober vart det arrangert springekonkurranse på Straume Bu og Servicesenter! Bebuarar og tilsette trossa vinterkulda og laina seg opp etter startnummer ute i gården. Musikkterapeut Sandra starta det heile med litt oppvarmingsmusikk og trompet-fanfare, før startskotet gjekk! Det vart god stemning, mykje latter og alle man alle kom i mål!
Les meir.

Føreslår å utvikla Ågotnes idrettspark

Rådmannen går inn for å gjennomføra fleire tiltak på Ågotnes idrettspark innanfor ei kostnadsramme på 37,3 millionar kroner inklusive meirverdiavgift. Formannskapet skal gje innstilling i saka den 7. november. Andre saker: budsjett for 2019 og finansiering av 110-sentral.
Les meir.

Mange oppgåver for prosjektgruppene

Arbeidet i alle dei fem prosjektgruppene er i full gang. I prosjektgruppemøta er det teke opp ein del generelle tema, men etter kvart går gruppa inn i oppgåver og tema knytt opp til det enkelte kommunalsjefområde.
Les meir.

Fjell kulturskule skal delta i rettleiingsordning

Fjell kulturskule er ein av 58 kulturskular i landet som er teken opp i eit rettleiingsprosjekt i regi av Norsk kulturskoleråd. I perioden 2019–20 vil Fjell, Jondal, Odda og Ullensvang vera kommunane i Hordaland som får rettleiing i kulturskuleutvikling. Norsk kulturskuleråd opplyser at det har vore stor interesse for å delta i denne ordninga. Rettleiinga strekkjer seg over tre semester, med start i januar 2019.
Les meir.

Inviterer til den tredje Digg læring-konferansen

For tredje året på rad vert det invitert til Digg læring-konferanse på Knappskog skule.
- Allereie no har over 250 meldt seg på til konferansen den 1. februar 2019, seier rektor Odd-Erik Kjeldstad. Konferansen i februar er «av lærarar og for lærarar».
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy denne veka (44)

  • 29.10.: Ekstraordinært møte i Fellesnemnda
                Offisiell åpning av ombygging/tilbygg Landro skole
  • 30.-31.10.: Staten møter kommunane/årleg samling til Fylkesmannen
  • 31.10.: Forhandlingsmøte Byvekstavtalen
  • 01.-02.11.: Oktoberseminar: Psykisk helse for barn og unge

Ordføraren neste veke (45)

  • 06.11.: Møte med Fjell Bustadstifting
                Møte med Vest Næringsråd
  • 07.11.: Årleg møte med Husbanken
                 Formannskapsmøte
  • 08.11.: Plansmie på Ågotnes
  • 10.11.: Nyopning av Ågotnes symjehall

 


Publisert: 02.11.2018 15:55
Sist endret: 02.11.2018 16:25