Facebook ikon Twitter logo Print side

Resultatet frå fleire av krinsane er klare

Klokka 21 i kveld vart resultata av førehandsrøystene lagt fram. Ein times tid seinare vart dei første resultata frå røystene på valdagen levert inn på rådhuset.

Unni Rygg hjå Servicetorgsjefen tek imot dei første som leverer inn resultata på Fjell rådhus. Leiar av røystestyret, Gunnar Hannisdal (nr. to frå høgre) og Jan Helge Lie i røystestyret leverte inn dei nødvendige dokumenta.
Unni Rygg og dei andre medarbeidarane hjå Servicetorgsjefen tek imot den første krinsen som leverer inn resultata på Fjell rådhus. Leiar av røystestyret for Kolltveit, Gunnar Hannisdal (nr. to frå høgre) og Jan Helge Lie i røystestyret leverte inn dei nødvendige dokumenta.


Samanlikna med det endelege resultatet i stortingsvalet for Fjell i 2013 har Høgre, Arbeidarpartiet, KrF og Venstre gått tilbake. FrP, SV, Senterpartiet, MDG og Raudt har gått fram.

Her kan du lesa komplette resultat av førehandsrøystene i Fjell.

Her kan du lesa valresultatet både på landsbasis-, fylke-, kommune- og krinsvis. For å finna resultat frå fylke, kommune og krins, trykk på "Bytt sted".

Også lokalpolitikarane i Fjell er opptekne av resultata. Her studerer dei resultatet av førehandsrøystene. Frå venstre; Anita Garlid Johannessen (FrP), Odd Bjarne Skogestad (KrF), Tom Georg Indrevik (H) og Marianne Sandahl Bjorøy (Ap).
Også lokalpolitikarane i Fjell er opptekne av resultata. Her studerer nokre av dei resultatet av førehandsrøystene. Frå venstre; Anita Garlid Johannessen (FrP), Odd Bjarne Skogestad (KrF), Tom Georg Indrevik (H) og Marianne Sandahl Bjorøy (Ap).


Vi kjem tilbake med dei endelege resultata for Fjell.



Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 11.09.2017 21:35
Sist endret: 11.09.2017 21:39