Facebook ikon Twitter logo Print side

Her kan du få hjelp til å klargjera sykkelen din

Som eit ledd i sykkelstrategien til Fjell kommune vert det invitert til vårkampanje torsdag 11. april. Møter du opp på Basecamp Repro på Straume mellom klokka 09.00 og 17.00 den dagen, tilbyr Fjell kommune ein enkel sjekk av sykkelen din til ein verdi av 200 kroner. I tillegg vert du med i trekninga av ein flott sykkel med ekstrautstyr.

Bsecamp repro er klar for å hjelpa deg med ei enkel klargjering av sykkelen din torsdag 11. april. Frå venstre; Aleksander Espeland, Lisa Marie Røynestad (Plan- og utbyggingssjefen) og Jon Andreas Tjentland.
Basecamp repro er klar for å hjelpa deg med ei enkel klargjering av sykkelen din torsdag 11. april. Frå venstre; Aleksander Espeland, Lisa Marie Røynestad (Plan- og utbyggingssjefen) og Jon Andreas Tjentland.

Basecamp Repro stiller altså opp med folka sine som tek ein enkel sjekk på sykkelen din. Om det er behov for meir enn dette, får du tips om kva som må gjerast for at sykkelen er klar til sykkelsesongen.

- Vi vil gjerne hjelpa innbyggjarane til å ta i bruk sykkelen i kvardagen. Ofte er det småting med sykkelen som gjer at han vert ståande ubrukt. Me denne vårkampanjen får vi også presentert kva vi har å tilby på Basecamp Repro, men hovudmålet med kampanjen er å stimulera til sykkelbruk, seier dagleg leiar i Basecamp, Jon Andreas Tjentland.

Premie til ein verdi av fem tusen kroner

Alle som tek turen til Basecamp Repro denne dagen er med i trekninga av ein sykkel med diverse ekstrautstyr. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy er på plass klokka 16.00 og trekkjer ut den heldige vinnaren av sykkelen som har ein verdi på om lag fem tusen kroner. Det er også fiskedam med premiar for dei minste.

Miljøarbeidar Aleksander Espeland fortel at han etter kvart har lært seg dette faget. Basecamp repro set i stand syklar for sal, reparerer og får tak i dei nødvendige delane for å få syklane i stand.

- Denne dagen kan vi ikkje ta dei store tinga på sykkelen din. Dersom det er behov for «noko meir» skal vi hjelpa deg med det også, seier han.

Lisa Marie Røynestad hjå Plan- og utbyggingssjefen seier at vårkampanjen er ein del av sykkelstrategien til Fjell.

- Målet med vårkampanjen er å få fleire til å sykla på kort sikt og å skapa ein positiv sykkelstruktur i kommunen. Vi oppmodar sjølvsagt folk til å finna frem sykkelen no som det er vårleg i lufta. Med vårkampanjen vil vil hjelpa deg med å få sykkelen klar for våren, seier Røynestad.

«Sykkelstrategi for Fjell kommune 2015-2018» vert vidareført heilt til ein eventuell ny sykkelstrategi ligg føre.

Dette er måla til sykkelstrategien:

  • Det skal vera trygt å sykla
  • Fleire skal sykla
  • Det skal vere raskt og attraktivt å sykla
  • Vi skal ha ein positiv sykkelstruktur

Sykkelstrategien finn du her.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 04.04.2019