Facebook ikon Twitter logo Print side

Her kan du sjå forteljinga om Straume sentrum

Like før jul vart evalueringa av kommunedelplan for Straume presentert for formannskapet. Denne evalueringa er gjennomført av Asplan Viak på oppdrag frå Fjell og Bergen kommunar. Rapporten frå arbeidet er illustrert gjennom ei visuell kartforteljing om utviklinga av Straume sentrum frå kjøpesenter til by.

- No har du høve til å følgja utviklinga av det som har skjedd i Straume sentrum sidan 2006. I kartforteljinga får du ei visuell reise kombinert med tekst kva som har skjedd. Dette er ei spennande reise du bør ta deg tid til å sjå gjennom, seier arealplanleggjar hjå Plan- og eigedomssjefen, Lisbeth Selstø.

Sjå kartforteljinga her.

I samarbeid med Bergen kommune og Asplan Viak er det altså gjennomført ei evaluering av kommunedelplan for Straume 2006-2018. Denne planen vart vedteken av Fjell kommunestyre i mars 2006. Evalueringa er også ein gjennomgang av tiltak som ligg i områdeplanen for Straume vedteken i 2011 og fleire detaljreguleringsplanar i området. Evalueringa av Straume har bakgrunn i eit større evalueringsprosjekt som Bergen kommune gjennomfører for fleire utbyggings- og transformasjonsområde. Fjell kommune er invitert med i arbeidet, og prosjektet har lagt vekt på tilgjengelige verkemiddel i plan- og bygingslova, og i kva grad verkemidla bidreg til gjennomføring.

- I det vidare arbeidet knytt til utviklinga av Straume vert det lagt vekt på god medverknad. Det er viktig å følgja opp dei tilrådingane rapporten peikar på, seier Selstø.

Her kan du lesa evalueringa.

I rapporten vert det vist til at grunneigarane har lokal interesse, kompetanse på stadutvikling og investeringsvilje. Det har også vore eit godt samarbeid mellom utbyggjar(ar) og kommunen. Utviklinga av Straume har dradd nytte av at ein stor aktør sentralt på Straume har realisert dei første byggetrinna.

Evalueringa peikar likevel på at det er ei utfordring med dyre bustader i fortettingsområde. Fleire av informantane i evalueringa framhevar at det for mange små og dyre husvære og få bustader som passar for familiar og som dei har råd til. I den vidare planlegginga av Straume er det viktig at ein ser på kva som er det faktiske bustadbehovet på Straume no og kva som trengst for å kunna ha bustader for ulike grupper innanfor bystrukturen.

- Det er også viktig at ein opprettheld det gode samarbeidet med lokale utviklarar på eit strategisk nivå for å sikra eit variert bustadtilbod på Straume i framtida, heiter det i evalueringa.

På denne sida finn du meir informasjon om plnar og vedtak knytt til utviklinga av Straume.


Sist endret: 22.02.2019