Facebook ikon Twitter logo Print side

Her kan du trygt bada

Helseverneininga i Bergen kommune har gjennomført prøvetaking av vasskvaliteten i fem badevatn i Fjell. Fire av badevatna vert rekna som godt eigna badevatn.

Hanna Gjesdal, leiar for miljø, geodata og oppmåling hjå Plan- og eigedomssjefen og overingeniør John Torkildsen hjå Plan- og eigedomssjefen gler seg over at det er gode forhold for dei som likar å bada. Biletet er teke i den nordre delen av Arefjordvatnet.
Hanna Gjesdal, leiar for miljø, geodata og oppmåling hjå Plan- og eigedomssjefen og overingeniør John Torkildsen hjå Plan- og eigedomssjefen gler seg over at det er gode forhold for dei som likar å bada. Biletet er teke i den nordre delen av Arefjordvatnet.

Prøvetakingane av dei fem badevatna vart gjennomførte i perioden 6. mai til 3. juni. Fuglavatnet (Landro), Kvernavatnet (Ågotnes), Skiftedalsvatnet (v/ Foldnes kyrkje) og Arefjordvatnet vert kategoriserte som god eigna badevatn. Skogavatnet (v/ Sotra Arena) vert rekna som mindre eigna badevatn. Sjå kart nederst på sida. Zoom inn/ut for å finna vatna.  

Helsetilsynet har utarbeidd vasskvalitetsnormer basert på termotolerante koliforme bakteriar (TBK). Termbakteriar kan koma frå både menneske og dyr. Dersom det vert registrert mindre enn 100 TBK, vert vatnet karakterisert som godt badevatn. Prøvar som viser mellom 100 TBK og 1 000 TBK, vert rekna som mindre godt badevatn. Dersom det vert registrert meir enn tusen TBK, er vatnet ikkje akseptabelt som badevatn.

Namn på friluftsbad1. prøve
6/5-19
2. prøve
13/5-19
3. prøve
20/5-19
4. prøve
27/5-19
5. prøve
3/6-19
Fuglavatnet <10 <10 <10 <10 <10
Kvernavatnet <10 <10 40 <10 10
Skiftedalsvatnet <10 10 <10 <10 <10
Skogavatnet 10 <10 <10 180 40
Arefjordvatnet <10 <10 <10 <10 40

Overingeniør hjå Plansjefen, John Torkildsen, seier at fire av dei fem prøvane i Skogavatnet (v/ Sotra Arena) viser bakteriar godt under grensa på 100 TBK. Ein av prøvane viser 180 TBK.

- Ved kraftig nedbør kan forureina vatn verta skylt ned i badevatnet. Vi kan ikkje seia noko sikkert om kvifor prøvetakinga den 27. mai viste 180 TBK i Skogavatnet, men vi veit at det regna kraftig dagane før den prøvetakinga, seier Torkildsen.

I rapporten frå Helseverneininga står det at vatnet i Skogavatnet må kategoriserast som mindre godt badevatn.

- I rapporten går det likevel fram at bading ved dette vatnet må kunna aksepterast. Det vert tilrådd å gjennomføra undersøkingar for å finna ut kvar forureininga på dette vatnet kjem frå og om mogleg å fjerna forureininga. Fjell kommune vil også vurdera eventuelle tiltak for å oppnå like gode resultat for dette vatnet som for dei andre vatna, seier John Torkildsen.

Han oppmodar folk som luftar hunden sin å halda han i band og hugsa på å plukka opp bæsjen.

- Uansett gler vi oss over at det er trygt å bada i fire av dei fem badevatna. Eg håpar på godt og varmt vér i sommar og oppmodar folk til å ta seg nokre dukkertar. Det er god folkehelse, seier John Torkildsen.

Her kan du lesa heile rapporten


Sist endret: 28.06.2019