Facebook ikon Twitter logo Print side

Her ny vekerapport

I vekerapporten for veke 33 kan du lesa om litt av det som har skjedd i Fjell denne veka.



11 har søkt kommunalsjefstillingane

Då fristen for å søkja dei fire kommunalsjefstillingane i Nye Øygarden kommune gjekk ut den 6. august, hadde det meldt seg 11 søkjarar. To av dei har søkt to av stillingane.
Les meir.

Lyser ut rådmannsstilling

I dag (17. august) vert stillinga som rådmann for Nye Øygarden lyst ut. Den som vert tilsett vert prosjektrådmann frå januar 2019 og rådmann for den nye kommunen frå januar 2020. Søknadsfristen er 12. september.
Les meir.

Spente elevar og lærarar på første skuledag

Klokka ni på torsdag kunne rektor på Landro skule, Anita Vabø, ønskja 28 førsteklassingar velkomen til første skuledag. Fire av desse kjem frå Misje etter at Misje skule no er lagt ned. - Velkomen til første skuledag.
- Er de spente? spurte rektoren som var tydeleg på at også ho er spent på ein dag som dette.
Les meir.

Vedtaka om nedlegging av skular er gyldige

Etter lovlegkontroll av vedtaka den 7. mai om å leggja ned Liljevatnet og Tellnes skular, slår Fylkesmannen fast at kommunestyrevedtaka er gyldige. Tre kommunestyrerepresentantar sette fram krav om lovlegkontroll av vedtaka. Fjell kommunestyre vedtok den 21. juni å oppretthalda vedtaka, og kravet om lovlegkontroll vart då vidaresendt til Fylkesmannen.
Les meir.

Mobbeombod for alle barn i Hordaland

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Frå august 2018 er mobbeombodet i Hordaland eit tilbod til alle barn og unge (og deira foreldre) som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.
Les meir.

Meld deg på trening med bedriftsidretten

Bli Sprekere Bergen & Sotra startar opp nye kurs 3. september på Kolltveit skule. Morosam sirkeltrening kor me arbeidar med effektive og intensive øvingar som gir puls! Aktivitetsleiaren følgjer deg tett og pusher deg det vesle ekstra utifrå ditt nivå. Lite og ukomplisert utstyr, samt eigen kroppsvekt nyttast som belastning.
Les meir.

Introdeltakarar på tur

Eit knippe deltakarar frå introduksjonsprogrammet starta veka med tur på Fløyen i finveret måndag denne veka. Fleire hadde vore der før, for andre var det ei ny oppleving.
Les meir.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy neste veke (34)

  • 20.08.: Førebuande møte vedr. byvekstavtale, fylkesordføraren
                Ekstraordinært møte i HOG-Energi
  • 21.08.: Møte hjå Arbeiderpartiet i Oslo
  • 22.08.: Opning av Hjeltefjorden Arena
  • 23.08.: Møte med hovudstyret i KS (interesseorganisasjon for kommunane)
  • 24.08.: Møte om Byvekstavtalen
                Kveld: arrangement i Hjeltefjorden Arena
  • 25.08.: Hjeltefjorden Arena: Det store korslaget

Publisert: 17.08.2018 13:28
Sist endret: 17.08.2018 13:38