Facebook ikon Twitter logo Print side

Historisk skulestart på Misje

Dei åtte førsteklassingane på Misje skule var så absolutt klare for skulestart då rektor Ranveig Bungum ønske dei velkomen i gymnastikksalen i dag.

Anna Leonora Misje
Anna Leonora Misje

Det er eit historisk sus over Misje skule i dag. Anna Leonora Misje og dei sju andre i første klasse kan skilta med at dei er dei siste som startar skulekarrieren på Misje skule. Frå neste skuleår skal elevane frå Misje gå på Landro skule.

- Eg trur at Dagfinn saknar dykk i dag, seier den nye rektoren, Ranveig Bungum, då ho ønskjer elevane og foreldra velkomen til skulestart. Dagfinn Ellingsen, som har vore rektor på Misje skule i mange år, har no teke over som rektor på Liljevatnet skule.

- Eg håpar de har hatt ein fin ferie. Eg gler meg til å verta kjent med dykk, sa rektoren før ho helste på førsteklassingane.

Kontaktlærar Maiken Lønøy skal ha ansvaret for første og andre klasse. Førsteklassingane har fått plass på dei to rekkjene mot vindaugo.

- I dag skal vi vera kjent med kvarandre, og de skal verta litt kjent med meg og dei andre på skulen, seier Lønøy til dei forventningsfulle elevane.

- Vi har ikkje lov til å gå ned til sjøen, forklarar ein av elevane i andre klasse.

- Eg bur ved sjøen, seier ein av førsteklassingane .

Foreldra Anita Mørk og Øyvind Odland har to tvillingar i første klasse; Emma og Emilie.
Foreldra Anita Mørk og Øyvind Odland har to tvillingar i første klasse; Emma og Emilie.

Siste skuleåret på Misje

Rektor Ranveig Bungum sit på rektorkontoret og tenkjer på dagane som kjem. Ho ser fram til den nye jobben som rektor.

- Eg trur dette vert eit fint år, og eg gler meg til å ta fatt på oppgåvene, seier ho før ho vert avbroten av lærarkollega Laila Nordvik som stikk hovudet inn på rektorkontoret og seier at dei har fått ein svært kjekk rektor på Misje.

- Det vert ein balanse mellom å sikra at skuleåret skal gå sin gang og det faktum at vi må førebu endring frå neste skuleår. Landro er ein flott skule. Den femte september skal vi har eit informasjonsmøte der vi skal snakka om dette, seier rektoren.

På eitt av klasseromma sit foreldra til førsteklassingane og slappar av med ein kopp kaffi. Midt i gleda over at barna deira har sin første skuledag, sit dei nok igjen med litt vemod.

- Du må få med at vi ikkje er glade for at skulen vert lagt ned frå neste skuleår, seier ein av foreldra.


Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå den første skuledagen:

Anna, Oliver, Ivonne og Maiken.EmmaOliverRanveig BungumKontaktlærar Maiken Lønøy

 

 

 


Publisert: 16.08.2017 10:53
Sist endret: 16.08.2017 11:07