Facebook ikon Twitter logo Print side

Hospiterte i Fjell og fekk landskamp på kjøpet

Informasjonsmedarbeidaren i Marl kommune i Tyskland, Rabea Effelsberg, fekk med seg landskamp i handball i Sotra Arena då ho denne veka hospiterte i Fjell kommune.

Rabea Effelsberg og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy kunne jubla saman med handballjentene onsdag kveld.
Rabea Effelsberg og ordførar Marianne Sandahl Bjorøy kunne jubla saman med handballjentene onsdag kveld.

Ho fekk dermed oppleva at med sigeren 31-28 over Kviterussland onsdag kveld er handballjentene sikra VM-deltaking i Japan. Det første oppgjeret vant også Noreg, og handballjentene var nok aldri i fare for å mista VM-plassen sjølv om Kviterussland beit kraftigare frå seg i returoppgjeret i Sotra Arena enn i den første kampen i Brest.

Opplevinga i Sotra Arena var heilt spesiell for Rabea. Der fekk ho plass på VIP-tribunen saman med mellom anna dei tre ordførarane i regionen.

- Eg har aldri vore på ein slik handballkamp. Her var kjempestemning, og Noreg spelte svært godt, sa Rabea som etter universitetsutdanning i Bonn har fått ein trainee-avtale med Marl kommune og kanskje fast jobb frå hausten av. Ho vil gjerne arbeida i informasjonsavdelinga i kommunen i den tyske byen som ligg i Ruhr-området og har 86 tusen innbyggjarar. Byen er kjent for sin kjemiske industri samla i Chemiepark Marl.

Rabea Effelsberg
Rabea Effelsberg 

MOT og opning av FriHuset

I løpet av veka har ho besøkt Fjell festning, Liatårnet og fått med seg opninga av FriHuset og BUA på Ågotnes på tysdag. Kultursjef Lennart Fjell har stått for vertskapet.

- FriHuset er eit flott tiltak. Svein Ekrem (dagleg leiar) har også i dag gjeve meg innføring i aktivitetane i FriHuset. Lars-Johan Fløisand har informert om MOT-arbeidet. Vi har ikkje noko tilsvarande i Tyskland. Eg er sikker på at MOT-arbeidet er viktig for ungdomen, seier Rabea Effelsberg som reiser tilbake til Tyskland på laurdag etter å ha fått med seg litt av livet på Torgdagen om føremiddagen på avreisedagen.

Ho gjev uttrykk for at ho ser svært glad for opphaldet i Fjell. Ho har også fått innføring i korleis det vert arbeidd med informasjon i Fjell kommune og Nye Øygarden kommune.

Frå kampen mot Kviterussland
Frå kampen mot Kviterussland

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy opplyser at kontakten med byen og kommunen Marl har kome som eit resultat av europeisk samarbeid med fleire land, ikkje minst venskapskommunen til Fjell, Krosno i Polen. Krosno har fleire venskapsbyar, og i samband med dette, er det etablert kontakt mellom Fjell og Marl i Tyskland.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå Sotra Arena

Tidlegare heltar på landslaget Norges håndballforbund region vest delte ut Årets Trenar 2018/2019 i Hordaland til Jan Stankiewicz.Håndballprisen gjekk til Odd Erik Gullaksen i Førde Handball.

 

 

 


Sist endret: 05.06.2019