Facebook ikon Twitter logo Print side

I dag var det fest i Fjell

I dag var 130 gjester i feststemning då Øygarden lokalmedisinske senter på Straume vart offisielt opna. Det var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen, som saman klipte snora. Også Øygarden tannklinikk, som held til i same bygg, vart offisielt opna i dag.


Marianne Sandahl Bjørøy og Eivind Hansen klipte snora av som god samhandling.

Ordføraren viste til at dette bygget er ein del av helselandsbyen som skal vera til beste for innbyggjarane.

- Dette er ein veldig, veldig stor dag for Fjell kommune og for Nye Øygarden kommune, sa ordføraren.

I talen tok ho utgangspunkt i stortingsmeldinga om samhandlingsreforma (St.meld. nr. 47 (2008-2009)) der det går fram at kommunane vil få større ansvar for å behandla pasientar utanfor sjukehusa ved å førebygga innleggingar og ta imot utskrivingsklare pasientar tidlegare enn før. Det er 10 år sidan prosjektrapporten «Betre Saman» vart lagt fram og som gav svaret på utfordringa for kommunane i vårt område. Det var her tanken om eit lokalmedisinsk senter vart lansert. Ordføraren tok seg tid til å takka mange som har bidrege til resultatet vi ser i dag.

- Eg vil takka Helse Bergen for at de satsa på dette samarbeidet. Vi har utfordra kvarandre med det resultatet at vi har fått eit praktbygg vi kan vera stolte av, sa ordføraren som også takka Brødrene Ulveseth (totalentreprenør), LINK Arkitektur, Sintef, prosjektgruppa «Betre Saman», nabokommunane Sund og Øygarden, rådmann Steinar Nesse, tidlegare rådmann og spesialrådgjevar Svein, Fjelland, omsorgssjef Line Barmen og helsesjef Terje Handal. Ho retta også stor takk til prosjektleiar Eirik Milde og dagleg leiar i Øygarden lokalmedisinske senter, Tonje Alvsvåg.

Ordføraren retta ei stor takk til Brødrene Ulveseth som har gjeve eit flott piano i innflyttingsgåve.

Den andre snorklipparen, toppsjefen i Helse Bergen Eivind Hansen, gratulerte med det flotte anlegget som erlokalisert tett opp mot der folk bur.

- Det er vår jobb å skapa gode liv. Vi lukkast best når vi gjer det saman nær der folk bur. Når Helsedepartementet spør om kvar dei skal reisa, svarer vi at dei kan reisa til Straume og kommunane i vest, sa Eivind Hansen. Hansen hadde også stor sans for rådmann Steinar Nesses filosofi om å finna løysing først, så finansiering!


Fylkesmann Lars Sponheim

Fylkesmann Lars Sponheim snakka om byggverk som må på plass før dei fysiske bygningane vert bygde.

- Det viktigaste byggverket er å samarbeida på tvers av kommune- og partigrenser. Fjell, Sund og Øygarden greip samhandlingsreforma tidleg. På mange måtar kan vi seia det gode samarbeidet starta med dette, sa Sponheim. Han viste også til fjellordføraren som fleire gonger har sitert han sjølv (Sponheim) på at om ikkje det lukkast med samanslåing av Fjell, Sund og Øygarden, vil ikkje kommunereforma lukkast i det heile tatt.

Opna tannklinikk

Det var fylkesordførar Anne Gine Hestetun som stod for den offisielle opninga av den topp moderne fylkeskommunale Øygarden tannklinikk.

- Fylkeskommunen er glad for å vera med i dette fellesskapet. Det er viktig å finna eit skjeringspunkt mellom stor kompetanse og gjennomføringskraft. Det har de synt her ute, og eg er trygg på at de vil lukkast, sa Hestetun.


Fylkesordførar Anne Gine Hestetun

Sund-ordførar Kari-Anne Landro viste til at det allereie er mykje samarbeid mellom kommunane i vest og nemnde Sotra legevakt, øyeblikkeleg hjelp-senger og intermediær avdeling som døme på dette. Varaordførar i Øygarden, Atle Dåvøy sa at dette bygget vil bety mykje for innbyggjarane.

- Dette vert hovudpulsåra for medisinske tenester i Nye Øygarden kommune, sa Dåvøy. Landro og Dåvøy overrekte i fellesskap ei flott skål, vase og fat.

Administrerande direktør i Brødrene Ulveseth Inger Kristin Ulveseth takka for det gode samarbeidet med byggherren og dei andre aktørane.

- Dette er ikkje berre eit bygg. Eg håpar at dette vert ein god arbeidsplass til beste for befolkninga her ute, sa Ulveseth som også gler seg over at mange ungdomar har tatt fagprøve under byggjeperioden .

Miljøterapeutane Guri Dypvik og Sandra Torsteinsen slo an tonen tidleg med flotte musikalse innslag.
Musikkterapeutane Guri Dypvik og Sandra Torsteinsen slo an tonen tidleg med flotte musikalske innslag.

Dristig prosjekt

Fylkestannlege Arne Åsan meinte at dette er eit dristig prosjekt med tre forvaltningsnivå; kommunen, statlege spesialisttenester og fylkestannlege.

- Her ligg det til rette for å læra av kvarandre, sa Åsan og oppmoda til å samhandla og gjera kvarandre gode fagleg.

Det var også helsingar frå LINK Arkitektur ved Kristian M. Bech, prodekan for forsking, Alise Kvåle, ved fakultet for helse- og sosialvitenskap på Høgskulen på Vestlandet, nestleiar i styret for Helse Bergen, Signy Midtbø Riisnes og leiar av eldrerådet i Fjell, Berit Anita Larsen.

- Eg har hatt gleda av å vera med i brukargruppa og dermed fått høve til å følgja framdrifta. Eg vil retta stor takk til dykk. Eg har hatt til gode å høyra nei i dykkar munn, sa Larsen.

Marianne Sandahl Bjorøy, Tonje Alvsvåg og Anne Gine Hestetun
Marianne Sandahl Bjorøy, Tonje Alvsvåg og Anne Gine Hestetun

Prosjektleiar Eirik Milde og Tonje fekk mykje ros frå dei som hadde ordet i dag. Då dei to orienterte om byggjeprosjektet, takka Milde mellom anna Husbanken som er ein viktig medspelar når det gjeld finansiering av prosjektet.

Dei to fekk mange gåver å ta hand om. Når gjestene hadde fått med seg sjølve opningsarrangementet, stilte dei opp saman med Terje Handal og Jostein Foldnes og viste gjestene rundt i det 9 300 kvadratmeter store bygget.

Kantina på rådhuset og Trigger sørgde for tapas og gode kaker.
Kantina på rådhuset og Trigger sørgde for tapas og gode kaker.

Fakta om Øygarden lokalmedisinske senter

Øygarden lokalmedisinske senter er på 9 300 kvadratmeter og er lokalisert i helseområdet på Straume i Fjell. Fjell kommune er byggherre, medan Brødrene Ulveseth er totalentreprenør.
Samarbeidspartnarar er Helse Bergen, Hordaland fylkeskommune (tannklinikk) og nabokommunane Sund og Øygarden.

Dette er det største enkeltprosjekt Fjell kommune nokosinne har realisert. Med ei kostnadsramme på 320 millionar kroner er det oppført eit senter som er viktig for å imøtekoma det framtidige helse- og omsorgsbehovet Sund, Fjell og Øygarden.

Frå januar 2020 er dei tre kommunane slått saman til Nye Øygarden kommune. Difor har senteret fått namnet Øygarden lokalmedisinske senter.

Desse tenestene vert lokaliserte i Øygarden lokalmedisinske senter:

Kommunale tiltak

  • Legevakt
  • Intermediær eining (samarbeid med Helse Bergen)
  • Øyeblikkeleg hjelp (ØH), fire plassar
  • 18 kortidsplassar
  • Døgnrehabilitering 10 plassar
  • Dagrehabilitering 10 plassar
  • Lokalt frisklivs - og meistringssenter

Tiltak for spesialisthelsetenesta

  • Dialysesatellitt 10 plassar
  • Fylkestannhelsetenesta med 13 behandlingsstolar

Andre tiltak

  • Lokalitetar for forsking og undervisning
  • Aksjonssenter for "Sjef i eige liv"
  • Medicus legesenter, tilrettelagt for sju fastlegar

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Jøran Ingvaldsen og Monica Hovland

Her er fleire bilete frå opningsfesten:

 

 

 


Sist endret: 29.03.2019