Facebook ikon Twitter logo Print side

I dag var det fest på Lyngheia bufellesskap

Dei seks bebuarane på Lyngheia bufellesskap har allereie funne seg godt til rette i bufellesskapet som ligg solrikt til mellom Blombakkane bustader og Røde Kors-huset på Straume. Men i dag var det ekstra stas då ordførar Marianne Sandahl Bjorøy og leiar i komité for drift og forvaltning, Ernst Einarsen, klipte snora for å erklæra bufellesskapet for offisielt opna.

Frå venstre; Jostein Sangolt Foldnes, Marianne Sandahl Bjorøy, Ernst Einarsen og Bente Våge.
Frå venstre; Jostein Sangolt Foldnes, Marianne Sandahl Bjorøy, Ernst Einarsen og Bente Våge.


Sanne Haugland Svåsand er ein av dei seks leigetakarane som gler seg over flotte og tilpassa lokale. Mora til Sanne, Sidsel Haugland, seier at desse bustadene har ein arbeidd med i mange år.

- Vi tenkte at kanskje Sanne skulle få glede av dette. Eg har vore involvert arbeidet som styremedlem i lokallaget i NFU (Norsk forbund for Utviklingshemmende). Vi har hatt eit konstrukt samarbeid med kommunen om dette, seier Haugland.

Sanne Haugland Svåsand  gler seg over husværet i Lyngheia bufellesskap.
Sanne Haugland Svåsand  gler seg over husværet sitt i Lyngheia bufellesskap.

Bufellesskapet er tilrettelagde døgnbemanna bustader for bebuarar med nedsett funksjonsevne. Dei seks husværa er kvar på om lag 60 kvadratmeter, og prosjektet har ei ramme på om lag 42 millionar kroner. Bygget er bygd som passivhus med solceller på taket. Styrar Bente Våge opplyser at bustadene er heildøgnsbemanna og har ei bemanning på 13,5 årsverk. Det vert lagt opp til fleire aktivetar turar o.l. På dagtid er alle dei seks bebuarane på arbeid på Straume arbeids- og aktivitetssenter. Dei som bur her, er frå 23 år og oppover.

Plan viste at det var behov for dette

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy sa at bustadene er tilpassa den enkelte sitt funksjonsnivå der nøkkelorda er livskvalitet, meistring, bustad og tenester.

- Desse nøkkelorda er viktige element i å har eit heilskapleg liv. I 2012 vedtok Fjell kommune kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020. Planen viste kva behov vi hadde for å utvikla bustadmarknaden tilpassa dei fleste. Lyngheia bufellesskap er svar på det behovet som vart avdekt i denne planen, sa ordføraren som ikkje kunne understreka nok kor fantastisk tomta er med flott utsikt.

Ho takka også arkitekt Asplan Viak og Byggmester Hitland (totalentreprise) for godt arbeid og samarbeid. Også prosjektleiar i Fjell kommune, Jostein Sangold Foldnes takka for samarbeid med arkitekt, byggmeister, NFU, råd for menneske med nedsett funksjonsevne og dei andre aktørane som har vore involvert i arbeidet.

Trivsel

Også Sidsel Haugland gler seg over flotte og tilpassa lokale.

- Dette er eit svært godt resultat. Det er ei flott tomt med god utsikt. Sjølv om det kan vera delte meiningar om å samla mykje like bustader i eitt område, er det praktisk å liggja nær andre helsetenester. Eg ser at dei som bur her, trivst og at det fungerer. Sanne har «budd seg fort inn» og er svært sosial, men ho likar også å trekkja seg tilbake til seg sjølv i husværet sitt, seier Haugland.

Leiar i lokallaget i NFU, Svein Arthur Pedersen, var også ein glad og nøgd mann i dag.

- Det har vore eit svært godt samarbeid i heile prosessen. Vi har vore så heldige å få vera pårørande. Eg vil retta ei spesiell takk til Jostein Sangolt Foldnes som alltid har vore positiv og teke alle innspel med bravur, sa Pedersen.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå opningsfesten:

 

 

 

 


Sist endret: 30.08.2019