Facebook ikon Twitter logo Print side

I sommar skal det lesast!

Heile 16 ungdomsskuleklasser i Fjell kommune har meldt seg på sommarlesekampanjen for ungdom, som nynorskprosjektet «Stolt av eige språk» står bak.

Ved å vera med på lesekampanjen får elevane tips til gode ungdomsbøker dei kan ta med seg på hytta, i byen, på fjellet eller stranda. Gjennom Instagram-kontoen «Sommarles_for_ungdom_2019» vert det lagt ut gode boktips gjennom heile sommarferien, slik at både ungdomar og føresette kan få hjelp til å velja ut sommarlektyren.

- Vi ynskjer at lesing skal vere lystprega og kjekt i ferien, og er glade for at så mange klasser har meldt seg på kampanjen», seier Jorid Saure, prosjektleiar i «Stolt av eige språk».



Fjell folkeboksamling har laga ei eiga utstilling av gode ungdomsbøker i samband med kampanjen, og håpar at Fjell-folket tek turen innom i løpet av sommaren.

Sommarles-perioden starta 12. juni og varar til 31. august, og klassa som les mest i sommar vinn ein heil time med paintball. De kan lesa meir om kampanjen på nettstaden: https://stoltaveigesprak.blog

Her er plakat for leseaksjonen.

 


Sist endret: 01.07.2019