Facebook ikon Twitter logo Print side

Idédugnad om Sykkel-VM

Det handla om å få fram dei gode idéane då elevråda i skulane i Fjell i dag var samla i Sotra Arena til «brainstorming» for å snakka om det lokale engasjementet knytt til Sykkel-VM. Etter at elevrepresentane hadde fått informasjon om Sykkel-VM, var det klart for gruppearbeid og dei gode idéane for eit ekte lokalt sykkel-engasjement.

Alle deltakarane fekk utdelt T-skjorte for Sykkel-VM
Alle deltakarane fekk utdelt T-skjorte for Sykkel-VM.

- Vi vil gjerne arrangera ein lokal sykkelkonkurranse på skulen vår, seier Juni Dyrkolbotn på Misje skule. Ho bur på Turøyna og tek buss til skulen. Den andre representanten frå Misje skule, Olai K. Turøy bur også på Turøyna, men syklar av og til skulen på Misje.

- Eg er med Cyklekluben Sotra og trenar ein gong i veka om vinteren og to gonger om sommaren. Når eg vert eldre, vil eg gjerne delta i sykkelkonkurransar, seier Olai.

Rektor på Misje skule, Dagfinn Ellingsen, snakkar med elevane sine;
Rektor på Misje skule, Dagfinn Ellingsen, snakkar med elevane sine;  Juni Dyrkolbotn og Olai K. Turøy.

Ønskjer lokalt sykkelengasjement

Det var leiar av Sykkel-VM gruppa i skulen, Anne-Merete Vabø Haugane som leia møtet i Sotra Arena i dag. Til dagleg er ho rektor på Fjell ungdomsskule. Målet med møtet var å få i gang interesse og engasjement knytt til kva kreative oppgåver den enkelte skule kan gjennomføra i framkant av arrangementet.

- Det vert også lagt opp til ein konkurranse om beste heiarop/slagrop/dans. Kultursjef Lennart Fjell har sett av 10 tusen kroner i premiar, sa Vabø Haugane og understreka at detaljane om konkurransen vil skulane få konkret informasjon om seinare.


Anne-Merete Vabø Haugane

- Hugs at Sykkel-VM samlar mykje folk. Som elevar vil de få eit ansvar, men det vert 99 prosent gøy og eín prosent jobb, var trøysta til Lennart Fjell: Han delte ut Sykkel-VM-T-skjorte til alle elevrepresentantane som var på plass i Sotra Arena i dag.

Skulesjef Wilhelm Anglevik vil ha elevane på sykkelen neste år, men var fullt ut klar over at det slett ikkje er forsvarleg å sleppa barna ut på alle vegane i Fjell.

- Eg håpar at de som elevar får oss vaksne på sykkelen. Eg er overtydd om dette vert bra, sa Wilhelm Anglevik.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå samlinga i  dag:

Kultursjef Lennart FjellSkulesjef Wilhelm Anglevik

 

 

 


Publisert: 15.12.2016 13:46
Sist endret: 15.12.2016 14:04