Facebook ikon Twitter logo Print side

Info på fleire språk til barnefamiliar

Samlesida www.fjell.kommune.no/har-du-barn finst no på polsk, arabisk og russisk i tillegg til norsk og engelsk.

Barn

– Ikkje alle fjellsokningar har norsk som morsmål. Ved å omsetja til fleire språk vil vi gjera informasjonen lettare tilgjengeleg for fleire, seier prosjektleiar Kristoffer Møvik i arbeidsutvalet for nedkjemping av barnefattigdom.

På «Har du barn?»-sida finn du viktige tilbod for alle som har barn i Fjell, uansett økonomi og livssituasjon. Ein brosjyre om samlesida finst på dei same språka som sida sjølv og er lagt ut på biblioteket, legekontora, helsestasjonane, servicetorget og andre relevante stader.

Samlesida skal først og fremst gi oversikt og introdusera ulike tilbod med lenkjer vidare til andre stader. Det er utvalet for nedkjemping av barnefattigdom som har ansvar for å halda sida oppdatert.   Kontakt: Siv Anne Waage (Siv.Waage@fjell.kommune.no), Åsne Hagen (Asne.Hagen@fjell.kommune.no)


Publisert: 26.06.2018 14:28
Sist endret: 26.06.2018 14:36