Facebook ikon Twitter logo Print side

Innfører forbod mot fyrverkeri i delar av Fjell

Kommunestyret vedtok i dag at det skal innførast forbod mot fyrverkeri i delar av Fjell kommune.

Kommunestyret vedtok ei lokal forskrift om forbod mot oppskyting av fyrverkeri i delar av kommunen. Forskrifta regulerer all bruk av fyrverkeri innanfor oppgjevne område på privat og offentleg stad. Formålet med forskrifta er å førebyggja risikoen for skade på liv, helse, miljø eller materielle verdiar. I utgreiinga står det at offentleg fyrverkeri på Straume ved Sartor Storsenter vil vera eit godt alternativ til privat oppskyting av rakettar i dette området. Dette kan finansierast som eit spleiselag mellom næringslivet og Fjell kommune.

Godkjende plan for ROP-hus

Kommunestyret godkjende detaljreguleringsplan for ROP-huset på Søre Bildøyna (ROP: Rus- og psykiske lidingar). Formålet med planen er å reguleringa om frå dagens formål til bustad, kontor og dagsenter. Vedtaket er ei oppfølging av vedtaket i kommunestyret i september 2014 om kjøp av det tidlegare administrasjonsbygget til Indremisjonsforbundet. Formålet er å etablera bustader til nokre av innbyggjarane i kommunen som treng eit godt bustad- og velferdstilbod.

Endrar 2017-budsjettet

Kommunestyret vedtok åjustera budsjettet for 2017. Bakgrunnen er at rekneskapen etter drift i åtte månader viser eit negativt netto driftsresultat på om lag 40 millionar kroner. Rådmannen reknar med at sluttresultatet for 2017 vil hamna mellom 25 og 35 millionar kroner i minus.

Kommunestyret slutta seg til innstillinga frå komité for drift og forvaltning. Vedtaket inneber at avsetnad til lokalmedisinsk senter (LMS) på 10 millionar kroner vert teke vekk. Bruk av bundne fond vert auka med tre millionar kroner og ein vil gjera bruk av sju millionar kroner av LMS-fondet. Sosialbudsjettet (barnevern) vert auka med ni millionar kroner og barnehageområdet vert styrkt med 6.6 millionar kroner. NAV vert styrka med 5,8 millionar kroner. I tillegg vart det vedteke at kommunestyret vil kome tilbake med forslag til endeleg saldering i samband med årsrekneskapet.

Komité for drift og forvaltning skal følgja opp sak om mottak av flyktningar

Kommunestyret seier nei til oppmodinga frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet om å busetja 10 mindreårige flyktningar. Kommunestyret ber komité for drift og forvaltning å følgja opp saka med sikte på busetjing i 2018. Statusevalueringa av einslege mindreårige-tiltaket i Fjell kommune vart teken til orientering.

Val av medlemer til styret i stiftinga Fjell festning

Kommunestyret valde medlemer og varamedlemer til styret i stiftinga Fjell festning. Eli Årdal Berland (H) og Egil Morland (KrF) vart valde som medlemer. Varamedlemer vert Jon Olav Hesjedal (Ap) og Berit Andersen (SV). Valperioden er to år. Jon Kjell Fjeld var motkandidat til Egil Morland og fekk åtte røyster.

Møtet starta med orientering om Kystsogevekene og det sjette bandet av bygdebokserien for Fjell.



Tekst: Vigleik Brekke
Foto: : Pixabay

 


Publisert: 30.11.2017 15:40
Sist endret: 30.11.2017 15:47