Facebook ikon Twitter logo Print side

Innfører ikkje tiggeforbod i Fjell

Med 30 mot fem røyster vedtok kommunestyret i dag at det ikkje skal innførast forbod mot tigging i Fjell. Mindretalet (Frp og eín representant frå Sotralista) røysta for å innføra tiggeforbod. Vedtaket vart gjort i samband med revisjon av politivedtektene.

 

Frå møtet i dag.


Mindretalet ville ha tiggeforbod på, eller like ved offentlege stader som kjøpesenter, butikkar og forsamlingshus.

Kommunestyret vedtok også med 30 mot fem røyster å fjerna ei formulering i paragraf tre der det var føreslått krav om at folk skal stilla seg i kø når folk samlar seg nær inngang til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, stoppestad og liknande. Utover usemja om tiggarforbod og formuleringa om kø, samla kommunestyret seg om framlegget til revisjon av politivedtektene.

Vedtektspunkta, som vert reviderte no, er avgrensa til Straume sentrum frå Straumsfjellet til Straumssundet. Vedtektene omhandlar tema som camping, kommersiell og ikkje-kommersiell verksemd og ro og orden.

Godkjende plan for Bildøyvegen

Kommunestyret godkjende detaljreguleringsplan for kommuneveg 47 Bildøyvegen-Bildøyna.
Planen gjev grunnlag for utviding av ei vegstrekning på 1,3 kilometer med trafikksikring, gang- og sykkelveg, kryssutforming og andre fysiske tiltak.

Planen gjeld strekninga mellom kryss mot fylkesveg 258 ved gamle Bildøy bru til gamle Straumssundet bru. Vegen er planlagt med ein breidde på 5,5 meter pluss vegskulder og rabatt. I tillegg kjem gang- og sykkelveg på tre meters breidde. Det er lagt opp til ei fartsgrense på 50 kilometer i timen. Prosjektet er kostnadsrekna til 44,8 millionar kroner.

Etter offentleg ettersyn har det kome 13 private merknader og fråsegn frå fire offentlege instansar. Etter gjennomgang har rådmannen funne grunnlag for å koma i møte ein stor del av merknadene, men ikkje alle.

Godkjende plan for Landro gravplass

Kommunestyret godkjende detaljreguleringsplan for Landro gravplass. I tillegg til utviding av sjølve gravplassen, vert det lagt opp til å regulera fortau langs den kommunale vegen i Landrodalen for å sikra forholda for gåande og syklande. Det er føreslått at eksisterande sjeneflor/løe skal takast vare på og nyttast som reiskapshus.

I saksutgreiinga går det fram at det er behov for å auka talet på gravplasser på Landro. Det er no berre om lag 40 plassar ledige, og formålet med planarbeidet er å utvida gravplassen for å dekkja behovet i eit perspektiv på 20 år. Ei utviding vil også ha kapasitet til å møta behov i Nye Øygarden kommune.

Det kom inn sju merknader til planen då han låg ute til offentleg ettersyn. Ingen av desse utløyser behov for å endra planen, men fleire av merknadene gjeld tema som skal følgjast opp gjennom det vidare arbeidet med grunnerverv og prosjektering.

Godkjente plan for Tveita, Ulveset

Kommunestyret godkjente med 32 mot to røyster plan for Tveit, Ulveset. Det var SV og eín representant frå Venstre som røysta imot å godkjenna planen. Planen legg til rette for oppføring av 20 bustadeiningar i ein- og tomannsbustader, leikeplassar, grøntareal, interne gangvevar og gang- og sykkelveg langs fylkesveg 205. Fylkesmannen har fremja motsegn til planframlegget, men kommunestyret sluttar seg til innstillinga frå komité for plan og utvikling om å ikkje ta motsegna frå Fylkesmannen til følgje og godkjenna planen.

Lovlegkontroll av saker om skulenedlegging går til Fylkesmannen

Kommunestyret vedtok å oppretthelda vedtaka i kommunestyret den 7. mai om å leggja ned Tellnes skule frå 31. juli 2018 og Liljevatnet skule frå 31. juli 2019. Vedtaket vart gjort med 26 mot ni røyster (Frp, Sotralista og SV). Bakgrunnen for desse to sakene er at tre kommunestyrerepresentantar frå Frp og SV har kravd lovlegkontroll av dei to vedtaka. Som følgje av at kommunestyret opprettheld vedtaka, vert sakene sende over til Fylkesmannen for vidare behandling. Det var Egil Haaland frå Arbeidarpartiet som fremja forslaga om å oppretthalda vedtaka i kommunestyret den 7. mai. Fem representantar (Frp og SV) røysta for å senda saka over til Fylkesmannen for lovlegkontroll.

Egil Haaland (Ap)
Egil Haaland (Ap)

Godkjende årsmelding og rekneskap

Kommunestyret godkjende rekneskap og årsmelding for 2017. Rekneskapen er gjort opp med eit korrigert negativt netto driftsresultat på 14,9 millionar kroner. Det rekneskapsmessige meirforbruket (underskot) var på 9,7 millionar kroner etter bruk og avsetjing av fond. For 2017 er årsmeldinga presentert elektronisk og ikkje i trykt utgåve slik Fjell kommune har praktisert tidlegare. Her kan du lesa årsmeldinga.

Negativt resultat etter fire månader

Rekneskapen per. 30. april viser eit negativt netto driftsresultat. Kommunestyret har vedteke strukturendringar for skule, men for rekneskapsåret 2018 er innsparingane avgrensa til 1,5 millionar kroner. Rådmannen reknar med at det vil verta svært vanskeleg å oppnå budsjettbalanse i 2018. Fylkesmannen skriv i budsjettskrivet til Fjell kommune at kommunen må budsjettera med eigedomsskatt i 1. tertialrapport. Kommunestyret vedtok at budsjettet av den grunn vert justert og inntektsført med 5,4 millionar kroner i eigedomsskatt. Det vart også vedteke å rullera/refinansiera obligasjonslån.

Likt gebyr for tilsyn og feiing av fyringsanlegg

Det er innført ny forskrift om brannførebygging, og der går det fram at det er pliktig tilsyn og feiing av fritidsbustader. Denne saka omhandlar praktiske og økonomiske konsekvensar av den nye forskrifta for det nye selskapet Øygarden brann og redning.

I Nye Øygarden kommune skal det gjennomførast tilsyn og feiing med om lag tre tusen fritidsbustader. Det ligg føre tre modellar for gebyr; A) ulikt gebyr for bustad og fritidsbustad, B) gebyr sett opp mot behov og risiko og C) likt gebyr for alle med fyringsanlegg. Kommunestyret vedtok å innføra likt gebyr for bustad og fritidsbustad. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret. Denne saka skal også til behandling i Sund og Øygarden kommunar.

Løyver pengar til kunnskapsprosjekt

Kommunestyret vedtok å løyva 200 tusen kroner (eks. mva.) til prosjektet «Framtidas kunnskapsklynge i Nye Øygarden kommune». Dette prosjektet omfattar ein formell samhandlingsmodell der den nye vidaregåande skulen i distriktet vert integrert i dette prosjektet. Det er regionrådet Vest som er prosjekteigar, medan Gode Sirklar AS er prosjektansvarleg. Det er lagt opp til at Nye Øygarden kommune og Sund, Fjell og Øygarden kommune kvar løyver 200 tusen kroner til prosjektet. Fellesnemnda for Nye Øygarden vedtok på måndag denne veka for sin del å løyva 200 tusen kroner.

Inndrar skjenkeløyve i sju dagar

Kommunestyret vedtok å inndra skjenkeløyvet til Ågotnes hotell AS i sju dagar. Bakgrunnen for vedtaket er to forhold knytt til skjenking av person som er eller som reknast å verta openbart påverka av rusmidlar og at løyvehavar har gjeve tilgang til lokalet for personar som openbart var påverka av rusmidlar. Desse forholda gjer at løyvehavar har kome opp i til saman 12 prikkar som igjen gjev grunnlag for å inndra løyvet i eí veke.

Sommarfullmakt til ordføraren

Kommunestyret vedtok å gje fullmakt til å ta avgjerd i ikkje-prinsipielle hastesaker som kan oppstå i sommarferien til utvala.


Saka om val av medlemer til styret i Fjell bustadstifting vart utsett til kommunestyremøtet i september.

Før behandlinga av sakene, var det markering av 40-årsjubileet for Fjell kulturskule. Her ser vi barn frå Hamramyra barnehage framfør Per spelemann.
Før behandlinga av sakene, var det markering av 40-årsjubileet for Fjell kulturskule. På biletet ser du barn frå Hamramyra barnehage framfører Per spelemann.



Tekst og foto: Vigleik Brekke

 

 


Publisert: 21.06.2018 18:05
Sist endret: 21.06.2018 19:32