Facebook ikon Twitter logo Print side

Innstiller på at Fjell tek imot 35 flyktningar

Komité for drift og forvaltning går inn for at Fjell kommune buset 35 flyktningar i 2019 der tre av plassane vert sette av til einslege mindreårige. Kommunestyret tek endeleg avgjerd i saka.


Frå møtet i dag.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har bedt Fjell kommune om å ta imot 35 flyktningar dette året. I brevet som kommunen fekk i desember, går det fram at det er venta at Noreg vil ta imot 5 350 flyktningar neste år, inkludert 150 einslege mindreårige.

Fjell kommune har teke imot 280 flyktningar i perioden 2014 til 2018, og av desse har 16 hatt status som mindreårige. I saksutgreiinga skriv rådmannen at busetjing av 35 flyktningar i 2019 ligg innanfor det Fjell kommune kan ta imot. Kommunen har i 2019 delvis lagt om tilbodet retta mot einslege mindreårige som følgje av at fleire av dei som er komne tidlegare har vorte eldre og meir sjølvstendige. Etter omlegginga vil det ifølgje rådmannen vera rom for å busetja tre einslege mindreårige flyktningar slik IMDI ber om.

Prioriterte søknader om tilskot

På møtet tysdag ettermiddag prioriterte komitéen mellom fire søknader om tilskot til tiltak knytt til inkludering av barn i låginntektsfamiliar. Komitéen var samla om å prioritera «Aktivitetskortet» (Fjell kommune) og «Sommar for alle» (Basecamp) på dei to første plassane. Fleirtalet røysta for å prioritera sommarleir for flyktningbarn (Fjell kommune) som tredjeprioritet. Mindretalet røysta for å plassera  «Kom saman» (KFUK-KFUM) som nummer tre på prioritetslista. «Kom saman» vert dermed plassert som nummer fire på lista. Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som forvaltar Nasjonal tilskotsordning om inkludering av barn i lågtinntektsfamiliar. Etter prioritering i komitéen, vert søknadene sendt til direktoratet for endeleg behandling.

Andre saker i KDF den 6. februar

  • Oversikt over sals- og skjenkeløyve i Fjell kommune og gjennomførte kontrollar
    i 2018.

    KDF tok oversynet over sals- og skjenkeløyve og utførte kontrollar i fjor til orientering.

  • Behandling av prisar (Kulturminneprisen, Folkehelseprisen og Frivilligprisen) for året 2018.
    Saka vart behandla for lukka dører.

  • Val av delegatar til årsmøte og konferanse i Norsk kulturskuleråd, Hordaland og Sogn & Fjordane 21.- 22.mars.
    Delegatar frå Fjell kommune vert Helge Andreas Pareli Notland, Bjørn Andersen, Roger Martin og Åshild Eriksen.

Før behandlinga av sakene var det statusmelding om tiltak mot rus blant ungdom under 18 år og status frå barnevernet knytt til to landsdekkande rapportar.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Sist endret: 05.02.2019