Facebook ikon Twitter logo Print side

Internasjonal dag på Knappskog skule

Fredag 6. oktober arrangerte Knappskog skule internasjonal dag og det vart samla inn pengar til Richard Kiwanuka sitt arbeid for barn på barneheim i Uganda «Bring Children From Street».

Det var tredje året på rad skulen arrangerte internasjonal dag og ein viktig målsetnad med arrangementet er å setje fokus på internasjonal solidaritet samt å visa fram det kulturelle mangfaldet som følgjer det å ha innføringsklassane på Knappskog skule. Viktige verdiar som solidaritet, inkludering og toleranse er i fokus.

Knappskog skule har i år elevar frå 13 ulike nasjonar som skal læra seg norsk og bli integrert i det norske samfunnet. På internasjonal dag fekk barn frå fleire land vist seg fram på ein utruleg god måte til glede for foreldra og gjestar som var invitert av skulen.

Dagen starta med flaggheising på skuleplassen og rektor heldt ein appell før elevane gjekk tilbake til klassane. Etterkvart var det open skule for foreldre som fekk vandre rundt på skulen og sjå innom dei ulike klassane. Elevane på 6. trinn hadde laga i stand ein kafè med mellom anna sjølvlaga bakst for foreldre og elevar. Skulefritidsordninga bidrog med fine bilete og smykke som dei hadde laga i forkant.

Dagen vart slutta av med eit kulturelt arrangement i gymsalen der elevane varta oss opp med fleire flotte internasjonale kulturinnslag. Elevar i innføringsklassane saman med elevar på 1. og 2. trinn underhaldt med flotte kulturinnslag. Gjester frå skulekontoret og vaksenopplæringa var invitert og deltok på arrangementet.

Takk til eit fantastisk flott og dyktig personale som har jobba mykje med å få dette til.
Takk til elevar for flotte innslag, og takk til foreldre som bidrog.

Bilete



Knappskog skule v/rektor Odd Erik Kjeldstad


Publisert: 06.10.2017 15:21
Sist endret: 06.10.2017 15:26