Facebook ikon Twitter logo Print side

Internasjonal kvinneforening i Fjell lagar mat til statsminister Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg vitjar Fjell kommune laurdag 29. juli. Ho kjem til Fjell rådhuskl 14.00 og vert teken i mot av ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Fjell kommune har prioritert integrering av flyktningar gjennom arbeidspraksis på ulike avdelingar i kommunen. I tillegg har kommunen inngått eit samarbeid med Internasjonal kvinneforening på Sotra om å leggje til rette for praksisplassar for flyktningar ,som er en del av introduksjonsprogrammet, i kantina på rådhuset. På denne måten vil flyktningane lære norsk, lære om mat og kantinedrift og verta kjent med tilsette i kommunen.

Ordfører Marianne S. Bjorøy, vil saman med Shahnaz Fadaie som er leiar for Internasjonal kvinneforening, orientere om prosjektet. Statsministeren med følgje vil også møte fleire deltakarar i prosjektet og saman med desse smake på spanande rettar.


Publisert: 27.07.2017 16:22
Sist endret: 27.07.2017 16:24