Facebook ikon Twitter logo Print side

Internationalt samarbeid, gjennom Erasmus+ prosjekt. 19.-25.02.2017

Måndag 20. februar tok Fjell kommune v/barnehagesjefen og Marihøna barnehage imot ein delegasjon på 12 personer frå Belgia, Island og Sverige. Delegasjonen er samarbeidspartnarar med Fjell kommune v/Marihøna barnehage i det europeiske samarbeidsprosjektet: Erasmus+ «This is me under construction».

Delegasjon frå Belgia, Island og Sverie på besøk i Fjell kommune

Prosjektet tek for seg tema som arbeid i barnehage for å redusere fråfall i vidaregåande skule, vurdering med en holistisk tanke og fokus på barnets styrkar, eigenskapar og interesser, pedagogisk dokumentasjon og utvikling av portfolio, samt kompetanse overføring mellom deltakarane. Andre tema som Multi intelligens, talentar, Learningstories ver også fokus hos dei andre delegasjonane.

Høg kompetanse

Sist veke var det Parental involvement som har hovud fokus. Norge og Marihøna er i prosjektet dei som har høg kompetanse på dette. I tillegg til mykje refleksjon og arbeid i grupper, har me også framheva satsinga på blant anna viktige område som Dei utrulege åra, Dinosaurskule, startsamtalen, foreldrekurs i universalprogrammet, Trygg i Fjell og overgang barnehage skule.

Dinoskulen

Marihøna jobbar også med eit spennande prosjekt som heiter «fokus barn». Her har dei inkludert barnets stemme, Trygg i Fjell, foreldre involvering, dokumentasjon, samt faglige vurderingar, alt i eit prosjekt og med fokus i ei veke på kvart barn. Dette er medverking og kvalitet på ein systematisk og meir avstressande måte.

Meir info om dette vil nok komme på eit seinare tidspunkt.

Internasjonalt samarbeid

Fleire av det pedagogiske personalet i Marihøna har fått utforda seg og heldt glimrande framlegg for delegasjonen. Arbeidsspråket er engelsk.

På besøk i Marihøna barnehage

Gode overgangar frå barnehage til skule

I tillegg til å delta ein dag på Marihøna barnehage vil delegasjonen også vitja Hjelteryggen skule og SFO som Marihøna barnehage har eit tett samarbeid med, gjennom heile året. Vi vil også vise dei «den raude tråden» og den satsinga vi gjer i Fjell for å sikre gode overgangar frå barnehage til skule, seier ein av koordinatorene for prosjektet, Anne Elisabeth Swensson, pedagogisk konsulent hos skulesjefen.

Pedagogisk konsulent for skulesjefen Anne Elisabeth Swensson

Rosar det viktige arbeidet

Barnehagesjef Margun Landro rosar det viktige arbeidet som vert gjort i prosjektet. Internasjonalt samarbeid betyr å oppleve og lære av andre sin praksis og forståing. Så har vi også i Fjell mykje å bidra med på barnehagefeltet som andre land kan lære av. Styrar i Marihøna barnehage Trond Heggestad og Morten Haaland, pedagogisk leiar i Marihøna barnehage, peikar på at samarbeidet bidrar til faglig refleksjon, tjenesteinovasjon, samt entusiasme og inspirasjon til vidare arbeid. Vi spelar inn våre erfaringar til barnehagesjef og knyt vårt arbeid til ein vidare utvikling av barnehagefeltet i Fjell kommune.

Barnehagesjef Margun Landro rosar det viktige arbeidet som vert gjort i prosjektet.

Delegasjonen vil denne veka også få høyre om sykkel-VM frå kultursjefen, Trygg i Fjellfå oppleve sightseeing i Bergen og tid til shopping på Sartor storsenter.

Fotogalleri

Pedagogisk konsulent for skulesjefen Anne Elisabeth Swensson og styrar i Marihøna barnehage Trond HeggestadBarnehagesjef Margun Landro ønskjer delegasjonen velkomen til Fjell kommuneDelegasjon frå Island, Belgia og Sverige på besøk i Fjell kommuneLavokos i Marihøna barnehageStyrar i Marihøna barnehage Trond HeggestadProdukter med logo

Meir informasjon

Prosjektet rundes av i september 2017.

Tekst: Trond Heggestad
Foto: Trond Heggestad og Monica Hovland


Publisert: 06.03.2017 07:46
Sist endret: 06.03.2017 08:14