Facebook ikon Twitter logo Print side

Invitasjon til fagseminar: Klimakunnskap om Fjellsamfunnet

I samband med utarbeiding av handlingsplan for energi, miljø og klima inviterer Fjell kommune til seminar om klimakunnskap om Fjellsamfunnet måndag 5. februar i Kultursalen ved Fjell rådhus.

INVITASJON TIL FAGSEMINAR: KLIMAKUNNSKAP OM FJELLSAMFUNNET

Dato | Tid | Stad

Måndag 5. februar 2018. 
Kl. 12.00 - 15.00
Kultursalen, Fjell rådhus

Her kan du lesa invitasjonen til fagseminaret.

Program

  • Velkomen - ved Odd Valvatne (saksordførar, Arbeiderpartiet)
  • Presentasjon av arbeidet med handlingsplan for energi, miljø og klima - ved prosjektleiar Andreas Moen, Fjell kommune
  • Presentasjon av rapporten «Kartlegging av overvatn og flaum i Fjell kommune» - ved Øyvind Sundfjord m.fl., Asplan Viak
  • Presentasjon av rapporten «Energi- og klimarekneskap for Fjell kommune » - ved Elisa Dahl Walderhaug m.fl., CEMAsys

Lunsj

Det vert servert kaffe/te og enkel lunsj.

Påmelding

Møtet er ope for alle. På grunn av servering ønskjer vi påmelding innan 01. februar til andreas.moen@fjell.kommune.no

Om fagseminaret

Noverande og framtidige klimaendringar stiller høgare krav til at kommunane evner å tilpassa seg og førebygga tap og skadar. Klimaendringane vi no er vitne til er òg ei direkte konsekvens av menneskeskapte klimagassutslepp. Å tilpassa seg eit endra klima, og å redusera klimagassutslepp, er difor ei side av same sak.

På dette seminaret får vi vite meir om korleis ekstremvêr og påfølgjande overvatn og flaum kan ramma Fjellsamfunnet. I tillegg blir det lagt fram ein rapport om utviklinga og framskriving av klimagassutslepp for samfunnet og den kommunale verksemda.


Publisert: 19.01.2018 05:00
Sist endret: 09.01.2018 09:18