Facebook ikon Twitter logo Print side

Invitasjon til felles Idrettsforum

Sund, Fjell og Øygarden kommunar ønskjer i samarbeid med idrettsråda i kommunane å invitera til idrettsforum 2018. Målet med forumet er å invitere alle idrettslag/organiasjonar som er i de tre kommunane til eit forum for å «gå» opp vegen for eit nytt felles idrettsråd frå våren 2019.

Tema

Felles Idrettsråd i Nye Øygarden kommune

Dato | Tid

Måndag 20. august 2018 | Kl. 18.00 - 20.00

Stad

Møterom Hjeltefjorden Arena, Tjødnarvegen 50, 5337 Rong

Program

Dørene opnar 17.30. Kaffe og te, lett servering - mingling

18.00-18.10 Velkomen, presentasjon og gjennomgang av kvelden

18.10-18.15 Presentasjon av status og vegen fram mot kommunesamanslåing V/Tom Georg Indrevik, leiar av arbeidsgruppa for Lokaldemokrati og identitet

18.15-18.20 Informasjon ved idrettskonsulent Ivar Einarsen i Fjell kommune - meninga med idrettsforumet

18.20-18.35 Idrettsråda saman - presentere vedtak om samanslåing og vegen vidare

18.35-18.45 Innlegg frå Hordaland Idrettskrets om samanslåing av idrettsråd v/Anne Kristine Aas

18.45-19.05 Pause og mingling

19.05-19.15 Presentasjon av Hjeltefjorden Arena v/Christel Møvik-Olsen

19.15-19.25 Informasjon - samanslåing av Nye Alver idrettsråd v/Bjørn Ove Myking

19.25-19.55 Gruppearbeid - anleggsutvikling i ny kommune, tankar, idear og moglegheiter

19.55-20.00 Nye Øygarden idrettsråd v/Kenneth Oen, leiar for samanslåingsprosessen avsluttar om vegen vidare og prosess i forhold til idrettsforumet

Påmelding

Meld deg på Idrettsforum her

Frist for påmelding er 17. august.

Vel møtt!


Publisert: 10.08.2018 13:19
Sist endret: 10.08.2018 13:26