Facebook ikon Twitter logo Print side

Invitasjon til medverknadsmøte for Bildetangen

Framtidas kystby vert forma av dagens strilar. Bli med på medverknadsmøte for vidare utvikling av Bildetangen SE1 – framtidas bydel i Sotra Kystby. Møtet er onsdag 10. april kl. 18.00 i kantina på Fjell ungdomsskule.

Illustrasjonsbilete laga av Liegruppen

Områdereguleringsplan for Bildetangen SE1 på Nordre Bildøyna er under utforming.

Korleis kan ein ny bydel skape gode nabolag når byen skal utvikle seg over fleire år?
Kva ønskjer har du for framtidige bustader, nærområde og opplevingar på Bildetangen?
Korleis kan utviklinga av Bildetangen styrke strileidentitet og kystkultur?

Dette er nokre av spørsmåla som vil verta stilt, og som vi vonar at fleire ønskjer å bidra med gode innspel til.

Dato | Tid | Stad

Onsdag 10. april kl. 18.00 i kantina på Fjell ungdomsskule

Velkomen!


Sist endret: 28.03.2019