Facebook ikon Twitter logo Print side

Ber vaksne om å delta på MOT-fest i kveld

Leiinga i MOT ønskjer også at dei vaksne deltek på MOT-fest i vest 2019 i Sotra Arena i kveld.

MOT-fest i vest

Kommunikasjonsansvarleg i MOT, Regine Oen Hatten seier at vaksentettleik er enormt viktig. Ho rettar ei bøn særleg mot foreldre/føresette.

- Vi håpar de støttar dei flotte ungdomane våre. Vi inviterer difor alle, uansett alder til å delta på lokal Idol frå 18.00 – 20.30. Bli med på å heia dei modige ungdomane fram! seier Oen Hatten.

MOT arbeider for å gjera ungdomane robust, og mot er nøkkelen til å skapa eit varmare og tryggare samfunn. MOT ønskjer å fremja dette under MOT-fest i vest 2019 i kveld (30. april). Dette er eit samarbeid mellom MOT i Fjell, Sund og Øygarden og handlar om å byggja Nye Øygarden kommune.

Regine Oen Hatten seier at det er god bemanning med både Securitas, Raudekrossen og frivillig vakthald.

- Vi skal syta for at dei kjære ungdomane dykkar har det bra og ikkje minst kjekt. Politiet vil også koma innom for å helsa på deltakarane.

For å sikra at alle kjem trygt heim, har vi tinga bussar som skal kjøra alle stader i Sund, Fjell og Øygarden. Desse kjører etter arrangementet er ferdig, om lag klokka 03.00.

Program 30. april i Sotra Arena

17.00 Dørene åpnes

18.00 Lokalt Idol show – åpent for ALLE.
Dommere: Tarjei Strøm, Erik Søfteland, Jens Aasmundseth og Regine Oen Hatten.

20.30 Nattcup starter. Aktivitetshall i Sotra Arena åpner også

23.00 Innslipp til konsert med Julie Bergan 

01.00 Nattcup fortsetter. DJ August spiller på hovedscenen

03.00 Festival ferdig

'Det skal en hel landsby til for å oppdra ett barn' er eit kjent afrikansk ordtak. Vi ønskjer derfor å invitere foreldre, søsken, besteforeldre og alle i heile 'landsbyen' til å delta på Lokal Idol frå kl. 18.00 – 20.30 i Sotra Arena. Saman byggjer vi samfunnet og Nye Øygarden.

Billetter

Festivalpasset kostar kr 100,- (+ gebyr kr. 20)

Inngang til lokalt Idol show, Nattcup og konsert med Julie Bergan.

Kjøp billettar her

Vi ønskjer både ungdom og vaksne velkomen til MOT-fest i vest, og håpar dette blir ein mogeligheit for både ungdom og vaksne til å byggja broer mellom kvarandre!

Les meir om festivalen på motfestivest.no, eller finn oss på Facebook og Instagram.

Kontakt

Regine Oen Hatten inviterer alle til å stilla spørsmål på Facebook-sida eller senda melding til 926 27 580.


Sist endret: 23.04.2019