Facebook ikon Twitter logo Print side

Inviterer til den tredje Digg læring-konferansen

For tredje året på rad vert det invitert til Digg læring-konferanse på Knappskog skule. - Allereie no har over 250 meldt seg på til konferansen den 1. februar 2019, seier rektor Odd-Erik Kjeldstad.

Ingvild V. Skogestad og Odd-Erik Kjeldstad inviterer til ny Digg læring-konferanse i februar neste år.
Ingvild V. Skogestad og Odd-Erik Kjeldstad inviterer til ny Digg læring-konferanse i februar neste år.

Det er fleire år sidan Knappskog skule etablerte «Digg læring – digital kompetanse på tvers av fag». Sidan hausten 2017 har skulen vore heildigital. Det digitale utstyret er det som primært vert brukt i undervisninga.

- Digg læring er eit kompetanse- og kraftsenter. Konferansen i februar er «av lærarar og for lærarar». Det er viktig at det er lærarar som kjem og ikkje berre skuleleiarar, seier Ingvild V. Skogestad. Ho er konstituert undervisningsinspektør på Knappskog skule og «drivaren» av Digg læring.

Attraktive førelesarar

Dette året har konferanseleiinga fått med seg Simen Spurkland som har markert seg innan digital pedagogikk, matematikkdidaktikk og den profesjonelle læraren.

- Han er ein av dei mest ettertrakta pedagogane i landet, seier rektoren. Også Ellen Romstad som er kjent for «Ellens beste skoleapper og litt til» vert med på konferansen. På Digg læring-konferansane på Knappskog er det flest påmeldte frå Fjell kommune, men det er også ein del påmeldte frå bergensregionen og andre delar av Hordaland, seier Kjeldstad.

Rektoren gler seg over at politikarar også har meldt seg på konferansen. Konfereransen er lagt til ein planleggingsdag, og dermed ligg det godt til rette for god påmelding frå regionen.

I år kan deltakarane på konferansen velja mellom til dømes småtrinn, mellomtrinn og ungdomstrinn. Fleire samarbeidsaktørar som Creaza, fagbokforlaget, kunnskap.no, Gyldendal er på plass på konferansen på Knappskog i februar.

Kjeldstad og Skogestad understrekar at digital læring ikkje handlar om verktøyet og å ha mest mogleg dingsar.

- Det handlar om pedagogikk. Korleis skal vi bruka verktøyet og kvifor digitaliserer vi? seier dei. Skogestad har hatt det travelt dei siste åra. Ho må stadig ut på foredrag på seminar og konferansar. I midten av oktober var ho på Stord og hadde foredrag for skuleleiarar og IKT-ansvarlege i Region Sunnhordland.

- Eg er ute på oppdrag eit par gonger i månaden, seier Skogestad.

Ågotnes skule prioriterer konferansen

Ågotnes skule har meldt på heile lærarkollegiet med 30 deltakarar på Digg læring-konferansen på Knappskog.

- Årsaka til at vi vil ha med alle pedagogane våre på konferansen, er den digitale satsinga som Ågotnes, som del av Fjellskulen, er midt oppe i no. Ågotnes skule er ikkje den skulen som er komen lengst i digitaliseringa, for på det punktet vert som kjent alle distansert av kursarrangøren Knappskog, seier Nødtvedt.

Pr. dato er to av klassetrinna på Ågotnes skule våre fulldigitaliserte, og hausten 2019 vert det sannsynlegvis endå fleire. Samstundes er Ågotnes pilotskule i Fjell, Sund og Øygarden når det gjeld implementering av dei nye Chromebooks'ane i lærarkollegiet.

- Dette har gjeve oss litt ekstra blod på tann til å stå på digitalt, og i den samanhengen tenkjer leiinga og plangruppa at Digg læring-konferansen både kan verte til nytte og til inspirasjon for vidare satsing, seier Nødtvedt.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 01.11.2018 15:20
Sist endret: 01.11.2018 15:28