Facebook ikon Twitter logo Print side

Inviterer til Kystsogevekene

Det er veteranbåtfestivalen Fjordsteam i Bergen som vert ramma for opninga av Kystsogevekene 2018. Opninga går av stabelen den 4. august. Det heile vert avrunda i september i Rosendal i Kvinnherad.

Inviterer til Kystsogevekene. Foto: Gjertrud Coutinho, Visit Bergen

I løpet av seks veker vert det mange små og store arrangement på sjø og land.

- For å koma med i programmet for 2018 er innsendingsfristen 10. mai, seier dagleg leiar i Stiftinga Kystsogevekene, Kjell Magnus Økland.

I Fjell er det utstilling i Fjell festning laurdag 4. august. Du kan også få med deg Langøymarknaden den 25 august og «Allsong på kysten» på Notloftet på Vindenes den 31. august. Her er programmet for Fjell.

Stiftinga Kystsogevekene er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, 22 kommunar i Hordaland og Gulen.

Les meir på nettsida til Kystsogevekene.

Foto: Gjertrud Coutinho, Visit Bergen


Publisert: 12.07.2018 09:40
Sist endret: 20.04.2018 08:22