Facebook ikon Twitter logo Print side

Inviterer til likestillingskonferanse

Den 24. august vert det invitert til likestillingskonferanse i Fjell rådhus. Toppar frå dei politiske partia er inviterte til å delta. Så langt har SV, Senterpartiet og KrF takka ja til å stilla på konferansen.

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Frå likestillingskonferansen i fjor.
Frå likestillingskonferansen i fjor.

Det er likestillings- og diskrimineringsutvalet i Fjell som inviterer til konferansen. Konferansen skal medverka til å setja regionen på kartet med vekt på likestilling og at kvinnene deltek i politikken.

- Vi stiller spørsmålet om kva som kan gjerast for å motivera til at kvinner og menn er likestilt og likt representert i politikken både lokalt og nasjonalt, seier leiar i utvalet, Tone Bubandt.

Dei politiske deltakarane skal halda eit fem minutt langt innlegg kvar. Deretter vert det debatt leia av redaktør i Vestnytt, Marit Kalgraf. Tema i debatten vert likeløn, foreldrepermisjon, heiltidsstillingar og pensjon. Dei som så langt har svart ja til å delta er Torill Selsvold Nyborg (KrF), Gina Barstad (SV) og Kjersti Toppe (Sp). Også Frp, Høgre, Ap, Miljøpartiet Dei Grøne og Venstre er inviterte til konferansen.

Konferansen tek til klokka 18.00 (24. august).


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 26.06.2017 12:54
Sist endret: 26.06.2017 12:56