Facebook ikon Twitter logo Print side

Inviterer til møte om utvikling av Ågotnes sentrum

Fjell kommune inviterer til informasjons- og innspelsmøte om kvalitetsprogram for Ågotnes sentrum på Tranevågen ungdomsskule 24. april kl. 18.00.



Konsulentfirmaet Vill Urbanisme skal på oppdrag frå Fjell kommune utvikla eit kvalitetsprogram for Ågotnes sentrum. Kvalitetsprogrammet skal byggje på gjeldande Kommunedelplan for Ågotnes 2013-2024

Arbeidet med å utvikla kvalitetsprogrammet går føre seg parallelt med andre planprosessar, t.d. detaljreguleringsplan for ny fylkesveg 561 Kolltveit-Ågotnes og detaljregulering for Ågotnes sentrum. Kvalitetsprogrammet skal også gje innspel til plassering av ny kollektivterminal, bruk av eventuelt areal/lok over fv 561 og utforming av miljøgate i sentrum (dagens fv 561).

Det er også gjort vedtak om lokalisering av Bergen Havn (godshamn) til Ågotnes. Alle disse prosessane gir lokalsenteret eit attraktivitets- og vekstpotensiale som skal takast omsyn til i kvalitetsprogrammet.
Arbeidet skal vera sluttført i juni 2019, og vil få innverknad på fysiske kvalitetskrav i reguleringsplanar, detaljplanar, utomhusplanar, opparbeiding og gjennomføring av fysiske tiltak innafor sentrumsområdet og på rekkefølgjekrav. Kvalitetsprogrammet vert styringsverktøyet til kommunen for å nå vedtekne mål i KDP om kvalitet, attraktivitet og identitet i utvikling av lokalsenteret og sentrumsområdet.
24. april vil skisser og utkast til eit kvalitetsprogram bli presentert.

Program

  • 18:00-18:15: Orientering frå Fjell kommune om arbeidet med kvalitetsprogrammet for Ågotnes sentrum
  • 18:15-19:15: Vill Urbanisme presenterer skisser og utkast til kvalitetsprogram for Ågotnes sentrum
  • 19:15-20:00: Spørsmål og innspel

Er det spørsmål ta kontakt med eli.fosso@fjell.kommune.no eller tone.bortvedt@fjell.kommune.no

 


Sist endret: 16.04.2019