Facebook ikon Twitter logo Print side

Inviterer til ope møte om kulturminneplanen

Onsdag den 22. november kan du verta kjent med arbeidet med kulturminneplanen og gje informasjon om kulturminne du sjølv kjenner til. Der vil du møta planleggjarar frå kommunen, frivillige som arbeider med registrering av kulturminne og arkeologar som deltek i utgravingane knytt til arbeidet med Sotrasambandet.

Andreas Sjalg Unneland
Andreas Sjalg Unneland

Møtet vert halde i Fjell folkeboksamling, Straume,  klokka 17 til 20.

Kulturminneplanen er ein temaplan som vert lagt fram til behandling i kommunestyret løpet av 1. halvår 2018. No handlar det om å gje informasjon om status i arbeidet og å få inn meir kunnskap om kulturminne i Fjell.

- Difor oppmodar vi deg til å møta opp den 22. november. Vi treng informasjon om kulturminne du kjenner til og som du tykkjer er viktige. Elles er vi interesserte i innspel frå deg om andre sider ved kulturminneplanen, seier saksordførar for planarbeidet med kulturminneplanen, Andreas Sjalg Unneland (SV).

I tillegg til innlegg frå saksordføraren, vert det på det opne møtet gjeve informasjon om arbeidet med å registrera kulturminne på Bjorøyna og Tyssøyna. Arkeologar skal visa film og orientera frå utgravingar knytt til arbeidet med Sotrasambandet.

Faste kulturminne

Ein er no inne i sluttfasen i arbeidet med å henta inn informasjon om kulturminne. Sjalg Unneland understrekar at det er faste kulturminne som skal kartleggjast, ikkje gjenstandar.

- Dersom du kjenner til bygningar, minne etter ferdsel i utmark, stiar, kyrkjevegar, tufter, vardar og sjømerke som vi ikkje allereie har registert, er vi interesserte i å få dette med i kartlegginga, seier saksordføraren.

Plan for kulturminne 2017-2020 er den første kulturminneplanen i Fjell kommune. Formålet med kulturminneplanen er å kartleggja og prioritera kulturminne som er viktige lokalt. Dette er kulturminne som i framtida vil danna grunnlag for opplevingar, kunnskap og ressursgrunnlag for verdiskaping. Planen vil skapa meir føreseielege tilhøve for eigarar av kulturminna og medverka til at folk flest får auka kunnskap og interesse for kulturminne.

Her kan du lesa arbeidsprogrammet for planen.

Her er plakat for det opne møtet den 22. november.



 


Publisert: 14.11.2017 11:18
Sist endret: 14.11.2017 23:19