Facebook ikon Twitter logo Print side

Irene Solem Hansen hjå Barnehagesjefen fekk ildsjelpris

Pedagogisk konsulent hjå Barnehagesjefen, Irene Solem Hansen, er tildelt «Årets DUÅ-ildsjel 2017». Dette skjedde på Nasjonal fagdag for De Utrolige Årene (DUÅ) på tysdag.

Irene Solem Hansen hjå Barnehagesjefen fekk ildsjelpris

- Det var ein skikkeleg «høydare» for oss at vår eigen Irene vart tildelt denne prisen, seier
rettleiar for barnehagar i Fjell, Marianne Gjerstad.

I grunngjevinga vert det vist til at prisvinnaren har arbeidd med De Utrolige
Årene i mange år og har hatt opplæring i mange av DUÅ-programma.

- Vedkomande er kjent for å halda i mange trådar; frå sentral jobbing med
psykisk helse og førebyggjande arbeid i kommunen, som sentral organisator for
kommunen sitt DUÅ-arbeid, til aktiv deltakar i praktisk tilrettelegging,
organisering og servering under arbeidsgrupper og rettleiingar.

Det vert også vist til at ho er i ei leiarstilling i kommunen og har vore med
på å byggja opp den støste kommunale staben av eigne DUÅ-rettleiarar i Noreg.

Samlinga i Bergen på tysdag var den fjerde nasjonale fagdagen for DUA. Fjell
kommune var godt representert, både frå barnehagane og administrasjonen.

Grunngjeving Årets DUÅ-ildsjel 2017.

Tekst: Vigleik Brekke


Publisert: 02.06.2017 10:17
Sist endret: 02.06.2017 10:25