Facebook ikon Twitter logo Print side

Ja til finansieringsopplegg for Sotrasambandet

Med 31 mot fire røyster (Frp) slutta kommunestyret seg i dag til utbyggings- og finansieringsopplegg for Sotrasambandet. Frp røysta for sitt eige framlegg om å visa til at Sotrasambandet er så viktig at det må fullfinansierast av staten og at staten dermed må leggja fram ein finansieringsplan utan bompengar.

Det er føreslått at det skal betalast bompengar i begge retningar og at det vert plassert bomstasjon nær den nye brua og noverande bru.
Det er lagt til grunn at det skal betalast bompengar i begge retningar og at det vert plassert bomstasjon nær den nye brua og noverande bru.

Kommunestyret sluttar seg til opplegget frå Statens vegvesen der det er lagt til grunn ein takst på om lag 39 kroner inklusive rabatt for køyretøy i taksgruppe 1. Ein av grunnane til at prisen vert lågare enn dei 45 kronene som det var lagt opp til tidlegare, er at nedbetalingstida (bompengeperioden) er auka frå 15 til 20 år. Det er føreslått at det skal betalast bompengar i begge retningar og at det vert plassert bomstasjon nær den nye brua og noverande bru.

Nullutsleppskøyretøy skal betala halvparten av ordinær takst. Det er lagt til grunn ein rabatt på 20 prosent ved bruk av brikke og inngått avtale for køyretøy gruppe eín. Prisen for køyretøy i gruppe to er sett til 98 kroner. Der er det ikkje lagt inn rabattordning ved bruk av brikke. Takstane vert justerte i samsvar med prisutviklinga.

Staten bidrar med 53 prosent

I Statens vegvesen sitt forslag til utbyggings- og finansieringsopplegg, som kommunestyret no sluttar seg til, er eit kostnadsoverslag på 9,6 millionar kroner i 2017-nivå. Dette er om lag 1,9 milliardar kroner meir enn det overslaget som vart lagt til grunn i stortingsmelding 26 (2012-2013).

Sotrasambandet skal delfinansierast med bompengar, og det er føreslått ein statleg del av finansieringa på 53 prosent. Det er rekna med sju milliardar kroner i samla bompengeinntekter. Dette skal dekka lånerenter, kostnader til innkrevjing og drift av selskapet og bidrag til bygging av Sotrasambandet (bompengebidraget). Prosjektet skal realiserast som eit OPS-prosjekt (Offentleg privat samarbeid). OPS-kontrakten er ein avtale mellom staten og OPS-selskapet og vedkjem ikkje bompengeselskapet.

Bompengesaka er også til behandling i kommunane Sund, Øygarden, Askøy og Bergen. Sund og Øygarden kommunestyr slutta seg til utbyggings- og finansieringsopplegget tidlegare denne veka. Fylkeskommunen skal også behandla saka og i tillegg ta stilling til garanti for låneopptak.

Etter behandling i kommunane (inklusive fylkeskommunen), vert saka sendt vidare til Vegdirektoratet der prosjektet mellom anna skal kvalitetssikrast eksternt (KS2). Det vert fremja ein stortingsproposisjon om finansiering og gjennomføring av prosjektet. Etter stortingsvedtak vert det utforma avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet.

Fullmakt i sak om eigedomsgrenser

Kommunestyret vedtok å gje rådmannen myndigheit til å førebu og bringa ei sak om omtvista grense mellom eigedomar på Møvika inn for domstolen. I innstillinga heiter det vidare at kommuneadvokaten får prosessfullmakt til å føra saka i domstolane. Sotralista fekk ikkje fleirtal for sitt forslag om å utsetja saka.

Utsette serviceerklæring for Plan- og utbyggingssjefen

Kommunestyret utsette sak om serviceerklæring for Plan- og utbyggingssjefen. Det vart vedteke å senda saka over til komité for plan og utvikling for bearbeiding. Denne saka vart også utsett på kommunestyremøtet i januar.

Plan for Snekkevikneset, Snekkevika

Det vart vedteke å godkjenna detaljreguleringsplan for Snekkevikneset, Snekkevika. Planen legg til rette for å omregulera 10 fritidsbustader til bustad og leggja til rette for naust, flytebryggjer m.m.

Suppleringsval

Etter dødsfall blant ein av medlemene i Fjell eldreråd, vart Nils Risholm (Fjell pensjonistlag) vald til nytt medlem. Marit Kjelby (Fjell pensjonistlag) vart vald til varamedlem. Valet gjeld ut noverande kommunestyreperiode og fram til nyval er halde.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto/Ill.: Statens vegvesen

 


Publisert: 23.02.2017 17:05
Sist endret: 23.02.2017 17:09