Facebook ikon Twitter logo Print side

Jamt over god kvalitet på kontrollerte badevatn i Fjell

Helsevernetaten i Bergen har på vegner av Fjell kommune teke vassprøvar i fire vatn i Fjell. Tre av vatna har gode badeforhold, medan det fjerde har mindre godt badevatn.

Hanna Gjesdal og John Torkildsen hjå Plan- og eigedomssjefen kan konstatera at kvaliteten på vatnet i Arefjordvatnet er god.
Hanna Gjesdal og John Torkildsen hjå Plan- og eigedomssjefen kan konstatera at kvaliteten på vatnet i Arefjordvatnet er god.

Dei vatna som hamna i kategorien «godt eigna badevatn» er Kvernavatnet (v/ Kvednatunet på Ågotnes), Skiftedalsvatnet (v/ Foldnes kyrkje) og Arefjordvatnet.

Skogavatnet like sør for Sotra Arena er karakterisert som mindre eigna badevatn på nokre av prøvane. Her tre av målingane under grensa på 100 termotolerante koliforme bakteriar (godt eigna badevatn), medan to av målingane ligg i kategorien «mindre godt eigna badevatn».

Dersom innhaldet av tarmbakteriar vert for høgt, er det risiko for hygieniske ulemper og helsestyresmaktene frårår bading. Ingen av dei fire vatna i Fjell der det er gjennomført prøvetaking, har hamna i kategorien «ikkje akseptert badevatn». Det er gjort fem målingar på kvar badeplass.

Her målingsresultata:

 Resultat

Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert: 09.07.2018 13:47
Sist endret: 09.07.2018 13:59