Facebook ikon Twitter logo Print side

Jubileumsmusikal med songglede og kvalitet

Dirigent Åshild Eriksen og regissør Yvonne Algrøy kan pusta letta ut etter at femte og siste framsyning av 40-årsjubileumsmusikalen for Fjell kulturskulekor var framført i kultursalen i rådhuset i dag.

Frå framsyninga i dag.
Frå framsyninga i dag.

I to framsyningar i dag fekk alle sjetteklassingane i Fjell eit utdrag av den store jubileumsmusikalen som vart
framført tre gonger i helga som ligg bak. Det handla om eventyr og musikalar framført med song, musikk og dans.

- Dette har vore kjekt og sosialt, og vi har vorte meir kjende med kvarandre. Men det må også seiast at det har vore slitsamt med alle framsyningane, seier medlem i Fjell kulturskulekor, Karianne Angeltveit. Til dagleg går ho på dramalinja på Fyllingsdalen videregående skole.

Åshild Eriksen er dirigent for Fjell kulturskulekor.

- I repertoaret har vi mellom anna plukka ut musikalar frå dei siste 40 åra, i tillegg til nokre som er eldre enn det også. 70 deltakarar i alderen åtte til 18 år har vore med på jubileumsframsyningane, seier dirigenten. Tre av innslaga var ved drama- og dansegrupper frå dei tre kommunane i regionen.

Skulesjef Wilhelm Anglevik var imponert over det han fekk vera med på i dag. Han delte ut blomar til dirigent Åshild Eriksen og kulturskulerektor Bjørn Andersen.

- Kultur, song og musikk gjer oss glad. Dette er som eit hjarta i samfunnet vårt, sa skulesjefen då han skulle grunngje kvifor det er så viktig med eit kulturskulekor. I jubileumsmusikalen var det utdrag frå mellom anna West Side Story, Vaiana, Aristokattene, Askepott, The Sound of Music og Sister Act 2.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire bilete frå framsyninga i dag:

Skulesjef  Wilhelm Anglevik overrekte blomar til dirigent Åshild Eriksen og kulturskulerektor Bjørn Andersen.

 


Publisert: 23.04.2018 13:00
Sist endret: 23.04.2018 13:13